|
|
Hallen var delt i to med revyscene i den eine delen og dansebandscene i den andre. 250 menneske hadde sett seg på plassane sine då revyen starta kl. 19.30. Der var det bord og servering og folk hadde funne seg godt til rette. Musikken starta opp med nokre lette nummer for å få folk i stemning, og det virka. Det var Knut Ivar Bøe og Terje Rypdal som var komp for revyartistane denne kvelden. Gjevt.
Artistane
Tresfjordrevyen kunne sine saker og visste eit flott program med stor lokalkunnskap om Stordal. Alt var snudd på Hove og møbelindustri og ekornjakt. Det var J. Hoves vitner og mange andre morosame ting om lokalbefolkninga i Stordal, som ikkje var like lett å få tak i for den som ikkje vankar i dei kretsar. Men Stordal og Tresfjord har tydelegvis mange ting felles i form av personar og samarbeid. Revyartistane var utruleg flinke og hadde ei glede i sitt spel som gjorde det heile til ei under-haldane oppleving. Mange av revynummera var utan direkte kontakt i Stordal, men nokre av dei heldt seg innanfor Sunnmøre, så sunmøringane fekk sitt av romsdalingane. Paven var innom og rydda opp på Hareid og elles i landet, det var visst stole ein munk i Oslo.
Over fjellet
Dei kikra etter sau og jammen fann dei ikkje eit lam. Det hadde dei tatt med seg over fjellet og utifrå merke kom dei fram til at det var Johan Øvrebust sitt. Så han måtte kome fram og hente den bortkomne å ta det med heim. Stakkars mann, han måtte forlate revyen med lammet og kom ikkje att før revyen var over (men han rakk dansegallaen). Då revyen var over heiste dei teppet som skilte salen og PK & Dansefolket var i gang. Frå Valldal var det venta to busser, frå Sykkylven også, så dette skulle bli ein fin dansekveld også. |
|
|
|
|
|