Åge opna ballbingen

Med høgtideleg klipping av snora kunne landslagssjef Åge Hareide opne ballbingen i Liabygda måndag. Christine Lied Aarnes fekk æra av å servere saksa på ei pute.

27. oktober
Randi Flø
Høgtideleg opning og snorklipping.
Det vart hektisk for landslagssjefen allereie frå første stund. Ikkje før hadde han stige ut av bilen, før køa med autografjegerar var der, høfleg på rekkje. Rektor pål Bjørn Øvrebust måtte avbryte autografskrivinga for at folk skulle kome inn på ungdomshuset og ein kunne ta til på programmet, og salen i ungdomshuset var fylt opp av eldre og yngre. Dette vart ein stor dag for Liabygda.
Eit kor sett saman av elevane ved skulen og Maskulinas song Liabygd-songen, og festen var i gang. Gjesten vart presentert ved hjelp av elevar frå skulen som stilte han ti spørsmål.

Dugnad
Pål Bjørn Øvrebust fortale at arbeidet med ballbingen starta etter påske. Det var dugnad, og alle som vart spurde, kom og gjorde arbeidet med glede.
– Vi var heldige som haddde Jostein Tårn som leiar i byggekomiteen, han var flink til å organisere arbeidet, sa Øvrebust og nemnde også Arne Ola Stavseng som hadde stilt velvillig opp med gravemaskin.
Ballbingen er finansiert ved hjelp av 200.000 kroner i tippemidlar og 100.000 kroner frå Stranda idrettslag. I tillegg har Sparebanken Møre gitt 30.000 kroner, og bansksjef Tordis Urke var til stades og overrekte sjekken.
Også ordførar Frank Sve helsa til Liabygda og såg på ballbingen som ein fin plass der folk kan samlast og eit viktig moment for å oppretthalde små bygde-
samfunn.
– Vi får inderleg håpe at vi kan sende nokre fotballspelarar til landslaget, men det er leiken som er viktigast, sa Sve.
Inne på ungdomshuset var det underhaldning både av elevane ved skulen og Maria Holand Tøsse frå Stordal.

Opning
Så var det tid for å opne sjølve ballbingen. Åge Hareide stod for snorklipp-
inga. Det tok til å skymast ute, men det gjorde ingenting, for dei har også fått lys over ballbingen.
Den tillyste straffesparkkonkurransen skulle gå mellom Åge Hareide, gamlerektor Charles Tøsse og ordførar i Stranda, Frank Sve. Dei fekk fem straffer kvar mot keeper, som for dagen var leiar i FAU,Bjarne Sæterøy. Landslagssjefen opna med ei knallskot rett i mål. Det gjorde også Tøsse, medan Sve skaut rett på keeper. Det utjamna seg etter kvart, og Tøsse gjekk sigrande ut av konkurransen med tre mål, Sve og Hareide delte andreplassen med to mål kvar.
Etterpå var det tre fotballkampar, der Tøsse og Hareide deltok på kvart sitt lag. Her tok Hareide revansje over Tøsse, og hans lag vann alle kampane.
Ronny Ødegård frå kretsen kunne overrekke ei gåve på ti ballar til skulen i Liabygda.
Heilt til slutt denne festdagen var det mat og drikke i gymsalen på skulen.

– Fotball er best

– Kva likar du best av berømmelse og fotball?
– Fotball er best, svarte Åge Hareide. Elevane ved skulen heldt pressekonferanse, der dei serverte han ti gode spørsmål, som landslagssjefen svarte på. På det første spørsmålet la han til at det kan vere mykje negativt med å vere kjend. Journalistane følgjer med deg heile tida. Å spele fotball kan du gjere utan så mykje oppstyr.

På eit anna spørsmål fekk han fortalt laga han har spelt på: Hareid, Hødd, Molde, Manchester City og Norwich.

– Er du fornøgd med kampane til landslaget i år?

– Ein trenar skal aldri vere heilt fornøgd. Bortsett frå kampane mot Kviterussland og Italia er eg godt fornøgd. Men du veit, ein må ha nedtur for å ha opptur. Det er ikkje farleg å tape, sa Hareide.

På spørsmål om korleis det er å vere landslagssjef sa han at det er spennande og travelt. Til tider får han altfor mykje merksemd.

– Kvifor ville du bli landslagssjef?

– Eg hadde aldri prøvd det før. Eg oppdaga at Rosenborg-spelarane var så gamle at eg måtte kome meg derifrå, lo Hareide.

– Kvifor begynte du med fotball?

– Det ligg i slekta. Kjetil Hasund er søskenbarn til mor mi, og vi var ofte der på besøk og eg spelte i lag med brødrene Kjetil og Hallbjørn. Dei var gode og på den måten fekk eg det på nært hald, sa han og la til at det finst ei undersøkjing som viser at dei beste fotballspelarane i Norge kjem frå små plassar, ikkje frå store byar.

– Det er håp for alle, sjølv om ein kjem frå ein liten plass med lite folk, sa han.

Å leike med ballen er Åge Hareide si forklaring på kvifor han likar så godt å spele fotball. Å vinne og tape, kameratskap, læring, å forholde seg til andre menneske, å ha det gøy.
– Synest du dommaren er urettferdig?
– Vi skal ikkje skulde på dommaren, men det er klart det skjer, dommarar er berre menneske og dei gjer feil, sa Hareide og avslutta med ein vits han hadde lært av ein prest: Det skulle vere fotballkamp mellom himmel og helvete. Sjefen for laget der oppe hadde god tru, fordi han hadde alle dei beste fotballspelarane. Men det var ikkje han andre så sikker på, for han hadde alle dommarane.

Åge Hareide lova å sende ei signert landslagsskjorte til Liabygda skule etter treningskampen mot Australia.

Ungane i Liabygda fekk både underhalde og intervjue landslagssjefen.