Det seier ordførar i Norddal, Arne Sandnes. Han er opprørt over at Trollstigen vart stengd søndag. Etter at han måndag hadde samtalar med vegvesenet kom det fram at det var ein glipp å sende ut melding om at det var på grunn av uver, det er ei automatisk melding som ligg inne hos dei.
Det er utruleg at dei tek det så lettvint, kommenterer Sandnes. Han legg til at dette kjem ut over riksnettet og er dårleg marknadsføring for eit område som er i fokus både med tanke på nasjonal turistveg og vernestatus.
Det er det utført sikringsarbeid til ein kostnad på snart 30 millionar kroner for å sikre Trollstigen, og så stengjer dei han så snart det tek til å skye over, seier Sandnes og viser til at han søndag køyrde over Geiranger, som ligg 200 meter høgare oppe. Her var det ikkje stengt. Det var litt snø på vegen, men det var fint å køyre og ikkje antydning til behov for brøyting.
Sandnes meiner at vegvesenet ikkje tek omsyn til næringslivet sine behov. Det har stor betydning for dei fastbuande at vegen er open.
Felles
Sist måndag møttest formannskapa i Norddal og Stranda. Der vedtok dei ei felles fråsegn. I uttalen heiter det at det er direkte feil og misvisande å hevde at det var uver på Trollstigen på det tidspunkt det vart bestemt å stenge vegen søndag 24. oktober. Slike meldingar som går ut over riksnettet skaper inntrykk av at dette er ei farleg vegstrekning som ein ikkje kan rekne med å trafikere anna enn om sommaren. Dette er negativ og skadeleg marknadsføring av nokre av dei største turistattraksjonane i
Norge. Trollstigen er år om anna mellom to-tre på topp i besøksstatistikken. Kommunane Norddal, Rauma og Stranda saman med destinasjonsselskap i området investerer kvart år store summar i utvikling av turistnæringa, men opplever at tidleg stengde høgfjellsvegar er ei alvorleg hindring for å utvide sesongen og slik leggje grunnlaget for lønsam drift.
Lenger ope
Kommunane Stranda og Norddal krev no at Statens vegvesen på permanent basis innfører eit nytt stengings- og opningsregime for Trollstigvegen, som tek sikte på å utvide opningstida på
vegen. Lokalt meiner ein at det er forsvarleg å kunne halde trafikk på vegen minst to månader lengre enn no i normalår ved å setje opp rekkverk på utsette strekningar og elles brøyte vegen inntil det oppstår rasfare. Ei forlenga opningstid på inntil to månader vil ha stor betydning for lokalt næringsliv og for rekreasjonsmuligheitene i store delar av Nordvestlandet.
Berre sommarveg
Trollstigen er mest sannsynleg stengd for vinteren. Ivar Hol i Statens vegvesen seier snøen har lagt seg og det er ikkje trygt å køyre her på vinterføre.
Hol seier at det er om våren det betyr noko å kunne strekkje opningstida av Trollstigen. Men dei må vente til Bispefonna, Byksefonna og isen i Kjelstadlinja har gått. Då opnar dei så snart som mulig.
Det skulle vere artig å vite kor mange bilar som køyrer over Trollstigen no på denne tida av året, seier Hol.
Han seier at han forstår Arne Sandnes og andre som kom akkurat då dei stengde vegen.
Men vegen er berre sikra for sommartrafikk. Tenk kva som kunne skje om det skulle bli glatt ned gjennom svingane, seier Hol og legg til at dei mange stabbesteinane ikkje ville ta av for ein bilvelt.
Om ein skulle brøyte vegen, måtte ein støype opp ein betongkant og det ville ikkje bli vidare pent.
Hol køyrde opp nokre hundre meter ovanfor restauranten i går, og kunne konstatere at snøen har lagt seg. Dei våga ikkje køyre lenger.
Det er merkeleg. Frå Rauma høyrer vi ikkje eit knyst. Reiselivssjefen der er heilt samd i at vi skal stregje når det legg seg snø på vegen. Og i år har vegen vore open lenger enn på mange år, avsluttar Hol. |