Vellukka kabaret i Eidsdal |
||||||||||
![]() |
Laurdag var det kabaret i Eidsdal og Evert Taube stod på programmet. Amatørar frå Eidsdal og Norddal hadde sett saman eit stort knippe låtar av Evert Taube og tilpassa dei kor og drama. Eit lyft for kulturen i Eidsdal og Norddal var vi vitne til denne laurdagen i november. | |||||||||
|
||||||||||
| Laila Olsen som solist i songen Pepita dansar. | ||||||||||
| Mange har vore engasjerte, og mykje hadde vore gjort. Eidsdal - Norddal Røde Kors stod for mat, dans og det tekniske arrangementet, medan dei andre hadde jobba med sjølve kabareten, som Vidar Skogly hadde musikalsk ansvar for. Allereie fredag, på generalprøva, var folk inviterte til å kome. Det var dei yngste og dei eldste. I alt 100 personar kosa seg då med kabaret, kaffi og kaker.
På den store dagen var salen nesten full, god stemning og full tenning blant utøvarane. «Evert Taube» ved Per Nakken las om sitt liv før opningslåten Calle Schewen med solist Asbjørn Eide, sette standaren på ein kveld der utøvarane kosa seg saman med publikum. Mykje arbeid med kulissar, sminke og kostymar gjorde opplevinga hakket betre enn ein er van med. Det var vare viser med stemningsfull korsong og kraftige allsongar med ramsalte mannskor. Alle songane vart akkompaniert av Vidar Skogly på trekkspel, dette fungerte utmerket, enkelt og greitt. Og det var mange høgdepunkt. Mange flotte solistar, både kvinner og menn, men den som sette tydelegast spor etter seg var Leif Martin Veiberg med sin kraftige song, innleving og sitt uttrykk. Det var ei fryd å få orda levert frå den fyren. Og saman med Vidar Skogly på Oksdragarsongen var det berre å gi seg over. I første økt var det elleve songar med stemningsfull opplesing innimellom, så det gjekk ein liten time før det var pause og ein var klar for siste økt frå scenen. Men etter revyen var det mat og dans, så denne kvelden var det mange som hadde gleda seg til. Eidsdal og Norddal Røde Kors hadde gjort ein utmerka jobb og huset vert berre betre og betre for kvar gong ein kjem inn der, det opplagte forsamlingshuset for dei som bur i Eidsdal og Norddal. Andre økt hadde nokre færre låtar, utøvarane var tryggare. Applaus, latter og suksess. Det var ein kjempekveld på Røde Kors-huset i Eidsdal denne laurdagskvelden. |
ALLE BILDENE. | |||||||||