| Det tek 15 sekund å bla seg frå side til side, klagar Luis Guadiamos som eit innlegg i breibanddebatten. Han er av den klare oppfatning at også Liabygda burde få breibandtilknyting, på lik linje med resten av Stranda.
Men den eigentlege grunnen til at han er på skulen denne onsdagskvelden er ikkje for å diskutere breiband, men for å lære PedIT. Namnet kjenneteiknar data-læringssystemet som skulen har brukt i snart eitt år. No er det foreldra sin tur å setje seg inn i det. Elevane er kompetente lærarar, ein av dei er Jens Erik Lied. Han synest det er bra at foreldra får vere med å setje seg inn i systemet som han og medelevane har kome godt i gang med å bruke. PedIT er litt vanskeleg, fortel Jens Erik, men han likar å halde på med det.
Rektor Pål Bjørn Øvrebust synest skulen har kome langt i å ta i bruk verktøyet. Elevane nyttar det kvar veke, mest i norskfaget. Alle dei fire lærarane ved skulen underviser i det. Når foreldra har lært seg å bruke PedIT, kan dei gå inn og sjå på arbeid som barnet deira har gjort. Dei kan også skrive meldingar til læraren, eller til eit større forum.
Kvar elev har si personlege side, her kan læraren skrive inn meldingar til eleven.
Når ein elev var vekke frå skulen i to dagar, skreiv eg inn ei melding til han om kva han kunne jobbe med, fortel Pål Bjørn Øvrebust, som eit døme på kva systemet kan brukast til.
Skulane i Liabygda, Geiranger og Sunnylven brukar PedIT i eit felles samarbeid. I samband med grunnskuleveka er elevane med i ein skrivestafett. I stafetten er dei delte opp i grupper, kvar gruppe er sett saman av elevar frå dei ulike skulane. Dette inneber at elevar som ikkje har møtt kvarandre før, skriv sin del av historia som gruppa skal lage.
PedIT gjer at elevane kan skrive skuleavis med alt som høyrer til av finesser. Artiklane har både tittel, ingress og bilettekstar i tillegg til brødteksten.
I bokbadet kan elevar presentere vurderingar av bøka dei har lest.
Fordelen her er at vi har mange data-maskiner, seier Pål Bjørn Øvrebust, og ser ut over eit data-rom som er fylt opp av mange PC-ar, elevar og foreldre. Etter endt arbeidsøkt er det vaflar å få, dette skulle trass alt vere ein PedIT-kafé. |