|
|
Dette er nok ei kjensleladd avgjerd for liabygdarane, trur Geir Hoff, dagleg leiar i Liabygda Møbelindustri.
Det er siste industriverksemda i bygda.
Men Geir Hoff meiner det ikkje er noko anna løysing: Lokala er gamle og lite eigna, og både offentlege mynde og tryggingsselskapa stiller nye krav. Derfor ville selskapet verte nøydd til å flytte innan eit par år, uansett. Nyleg kjøpte Pedro Eiendom seg inn i Liabygda Møbelindustri etter ein såkalla retta emisjon (invitasjon til ein enkelt kjøpar), og etter dette har flyttinga vorte framskunda.
Hoff meiner lokala i Pedro-bygget i Stordal er godt eigna for Liabygda Møbelindustri. Dess-
utan har han god tru på at verksemda vil nyte godt av å vere ein del av møbelmiljøet i Stordal. Til dømes vert det enklare å ordne med frakt og transport. Utkøyringa frå Liabygda Møbelindustri er ikkje den enklaste på vinterglatte vegar, og det er ikkje så lenge sidan den førre transportøren nekta å køyre meir for Liabygda:
Transportørane vil nok juble! spøkjer Hoff.
Sitwell
Geir Hoff ser lyst på framtida for Liabygda Møbelindustri. Han var ikkje så glad for at Contract ville trekkje seg ut av Sitwell-samarbeidet (sjå eiga sak), men no meiner han dei har funne ei god løysing for alle partar: Liabygda Møbelindustri får merkenamnet og hovuddelen av Sitwell-kolleksjonen, medan Elano, den nye hovudeigaren i Contract AS, overtek eit par av modellane. Frå nyåret fusjonerer Liabygda Møbelindustri og Sitwell til ei verksemd, som skal marknadsføre seg under Sitwell-namnet.
Dette har vore eit stort løft for Liabygda Møbelindustri, seier Geir Hoff, og vi har hatt trong for meir kapital. Det var fleire interessentar, og vi valde Pedro Eiendom, mellom anna grunna lokala i Pedro-bygget.
Overtakinga av Sitwell, som har vore eit reint marknads-
føringsselskap for seniorkolleksjonen til Liabygda og Contract, vil føre til ein auke i produk-
sjonen til Liabygda Møbelindustri, og Geir Hoff vonar på ei langsam utviding av arbeidsstokken.
Tidlegare har Liabygda Møbelindustri i hovudsak levert møblar til Norge, men gjennom Sitwell har salet i Danmark vore like stort som i Norge, 40 prosent i kvart av landa, medan Sverige har teke imot 20 prosent av produksjonen.
Trist, men naudsynt
Liv Ytterdal har arbeidd på Liabygda Møbelindustri i ni år. Ho bur i Liabygda, og synest det er trist at dei siste industriarbeidsplassane no forsvinn frå bygda:
Det vert ei dauare bygd - ei sovande bygd, seier ho. Men eg går ut frå vi får tryggare arbeidsplassar, og det er det viktigaste, legg ho til. Dessutan ser ho fram til å arbeide i eit nyare og meir eigna bygg.
Liv Ytterdal trur det vert litt rart å pendle til Stordal. Eg må stå tidlegare opp! ler ho, men legg til at ho ikkje trur pendlinga vert noko problem. Vi ordnar oss nok med felleskøyring, seier ho.
Også Jon Inge Verpesdal ser fram til å kome i nye lokale, sjølv om han nett har kjøpt hus i Liabygda. Tidlegare har han pendla frå Eidsdal, men siste året har han budd i Stordal og pendla over Stavsengfjellet. No må han snu pendleruta andre vegen. Men det tek han ikkje så tungt:
Det er ei grei bygd, med kjekke folk, seier han, og legg til: - Eg ser ikkje mørkt på det! |
|
|
|
|