|
|
Snøbygene stod tett denne torsdagen, men akkurat under opningsseremonien var det opplett. Skulekorpset spelte og barnehagen song sin eigen song, laga i høve opninga: «Trygge kan vi no gå, til lavvoen vår.»
Ordførar Arne Sandnes gav eit lite blikk inn i forhistoria til brua over elva. Før 1890 vart elva kryssa ved hjelp at robåt. Første brua kom i 1890-åra, men denne vart skadd av flaumen. Mellom andre gav den britiske turisten Russell, som brukte å vere mykje i Valldal for å fiske, 100 kroner til reparasjon av brua. Det var trebru heilt fram til 70-talet. Etter at betongbrua kom på plass over Valldøla, var det likevel noko som mangla. Det vart stadig aukande trafikk av gåande over brua. Og etter at Muritunet kom for ti år sidan, vart det også mange med rullestol eller rørslehemmingar. Biblioteket kom også over på andre sida av elva.
I lang tid har det vore arbeidd med å få til ei gangbru. No er ho endeleg på plass, og dette vart feira. Mesta sin byggjeleiar har vore Kristen Leganger, han fekk også ros frå ordføraren. Brua har ein prislapp på rundt ein million kroner.
Vegsjef Kirsti Sotsvik var invitert til opninga. Ho gratulerte med den nye brua, og var glad for at Statens vegvesen hadde klart å leite fram ekstra pengar slik at brua kunne byggjast.
Det blir godt for dei mjuke trafikantane å kome seg trygt over elva, men brua er ikkje for dei som brukar stiletthælar, sa ho.
Det var sykkylvingen Corrado Genta, som for tida er på Muritunet, som fekk æra av å klippe over snora. Sjuandeklassingane Torgrim Sandnes og Daniel Muri fekk halde snora.
Brua er bygd i strekkmetall, slik at det ikkje skal vere nødvendig å brøyte. No i det siste har det kome store mengder snø, som det viser seg har litt vanskeleg for å finne vegen ned gjennom hola.
|
|
|
|
|