Reagerer på feil om prisar

– Eg visste ikkje om eg skulle le eller gråte. Første tanken var at dersom nokon hadde sagt det som stod i avisa, var det nærliggande å ty til det eg brukar å seie til ungane når dei fer med løgnaktige påstandar: Gå og vask munnen din!

24. november
Leif Rune Vinje i Nordvest Kraft synest det er uheldig at selskapet blir framstilt som eit selskap med høge straumprisar når det ikkje er tilfelle.
Dette seier dagleg leiar i Nordvest Kraft AS, Leif Rune Vinje på ein spøkefull måte, etter å ha lese ein notis i Storfjordnytt førre onsdag, der det mellom anna stod at økonomisjef i Stordal, Torbjørn Emblem, hadde sagt til formannskapet at med prisane til Nordvestkraft spørst det om nokon som helst kjøper straumen der.

Vinje synest det er svært uheldig og beklageleg at det blir framstilt i ei lokalavis at den lokale leverandøren av kraft har høge prisar, når det slett ikkje er tilfelle.
– Spesielt siste året har vi lagt stor vekt på å gi våre kundar svært gode prisar på alle typer kraftkjøp, og det har vi lykkast med. Dette er ein påstand som er enkel å dokumentere, fordi alle våre prisar er direkte samanliknbare med dei aller fleste leverandørar i Norge, seier Vinje

Tre hovudmålsettingar
Han legg til at som lokal leverandør har dei tre hovudmålsettingar. Dei skal til ei kvar tid ha konkurransedyktige prisar. Dei skal ha god kvalitet på kundebehandling. Sist, men ikkje minst skal dei også vere ein aktør og støttespelar i det positive som skjer i lokalmiljøet.
– Sjølv om det er prisen som er det viktigaste for dei alle fleste, betyr det også mykje for mange å kunne snakke med ein lokal kundebehandlar som kan gi svar, råd og hjelp på staden. Det å vere lokal aktør har lokalsamfunnet både i Stordal og Norddal kommune nytt godt av gjennom fleire år, og vårt bidrag vert av mange vurdert som ein viktig grunn til ikkje å gå over bekken etter vatn, seier Vinje.

I forhold til notisen håper han at det kjem ei oppklaring om den uheldige vinklinga kjem av for stor grad av journalistisk fridom eller skuldast ein kommunalt tilsett som snakkar mot betre vitande.
Til slutt vil Vinje nok ein gong berolige kundane med at det å ha Nordvest Kraft som leverandør er det stikk motsette av reklamen for Kinderegg.

– Hos oss får du ingen overraskingar, vi er ein seriøs leverandør og ingen av våre produkt har ei lur innpakning, alt er ope og ærleg. Vi skal trass alt møte deg som kunde i vårt lokalmiljø, avsluttar Vinje.