|
|
Det seier Rune Maråk ved den einaste daglegvarebutikken i Geiranger, Brødrene Maråk. Han er ikkje begeistra for vedtaket som styret i Sparebanken Møre har gjort om å leggje ned både bankfilialen og minibanken i turistbygda.
Det er måndag og dei har nyleg høyrt om nyheita på lokalradioen. Rune Maråk seier han ikkje har snakka med folk frå banken, så han veit ikkje noko om korleis dei har tenkt dette, om dei har tenkt på spesielle løysingar.
Det verste er alle som kjem og spør etter minibanken, no blir det ikkje minibank i det heile, seier Maråk, som reknar med at han berre må sende dei til Valldal, Hellesylt eller Stryn. Det blir tidkrevjande for eit butikkpersonale som har vel nok anna å gjere i den hektiske turistsesongen.
Han meiner det er dårleg service overfor turistar som kjem til bygda. At folk kan ta ut kontantar i butikken når dei handlar er greitt, men det gjeld trass alt berre norske kort.
Vi står her som vertskap, og må be folk om å køyre til Stryn eller Valldal, det er for ille, seier Maråk.
Gunnhild Hole i kassa er samd, og ser føre seg mange praktiske problem.
Kan hende har vi ikkje nok pengar til å serve alle som ønskjer det heller. Vi veit korleis det er når minibanken står, då blir vi fort tomme for kontantar, seier Hole.
Går ikkje an
Inger Grande, som driv både hotellet og campingplassen på Grande, er også opprørt over nyheita.
Det går ikkje an å miste ein slik service i ei turistbygd. Det er heilt bak mål. Vi skal ha eit møte i morgon og då må vi diskutere det, vi må kome til ei ordning, ein minibank må vi ha, seier ho.
Dårleg gjort, er kommentaren til Svein Homlong, som meiner det blir kaos i butikken. Han brukar banken i Geiranger av og til.
Tor Arne Kammen, som går i tiande klasse, seier han ikkje er så aktiv brukar av banken, men han synest det ikkje er bra for servicen overfor dei som kjem til bygda på besøk. |
|
|
|
|
|
|
|
Regionbanksjef Trond Nydal og banksjef for avdeling Stranda, Tordis Urke, inviterte til pressekonferanse måndag føremiddag, der dei kom med opplysninga.
Nydal sa at Geiranger har vore ein einmannsbetjent filial med ope tre timar tre dagar i veka. Pågangen har absolutt vore størst om sommaren.
Minibanken
På grunn av endra krav til tryggleik, må dei skifte ut alle minibankar, slik at dei tilfredsstiller dei nye krava til teknologi frå dei store kortprodusentane. Dette er no gjort både i Stordal, Valldal, Stranda, Hellesylt og Sykkylven, som omfattar denne regionen. I Geiranger vil dei ikkje investere i ny minibank.
Banken må sjå på kostnadene i samband med å investere i ein ny minibak, det blir auka driftskostnader, sa Nydal, som ikkje ville ut med den nøyaktige summen på kva det kostar å investere i ny minibank, bortsett frå at han sa det vil kome på ein del hundre tusen. I tillegg kjem dei årlege driftskostnadene.
Kontanthandtering blir dyrare og dyrare, ein minibank er aldri lønnsam, sa Nydal.
Tordis Urke kunne vise til at 80 prosent av dei som brukar minibanken i Geiranger er kundar i ein annan bank. Transaksjonane er om lag 200 i gjennomsnitt i vintermånadene, medan det i juli sist år var mellom 7.000 og 8.000 som brukte minibanken.
Om sommaren er det 13 stader i Geiranger som har kortterminal, slik at folk kan få ta ut kontantar samstundes som dei brukar kortet til å betale for seg. Dei meiner at for butikkane er det positivt på den måten at dei slepp å sitje att med så mykje kontantar når dagen er omme.
Til Eidsdal
Etter nyttår vil Annbjørg Flydal Vartdal, som no er tilsett ved filialen i Geiranger, bli å finne ved filialen i Eidsdal. Her vil ho og Jorunn Asphjell utfylle kvarandre. Tordis Urke seier at det på denne måten blir meir rom for rådgjeving også på Eidsdals-kontoret, som vil halde fram med dei same opingstidene som no. Det var aldri aktuelt å leggje ned Eidsdal i staden for Geiranger på grunn av at Eidsdal ligg meir sentralt og at det er større folkegrunnlag.
Dei har vore i samtale med ordførar Frank Sve og informert om vedtaket. Samstundes har kundane det gjeld fått informasjon i posten og vorte oppmoda om å ta kontakt dersom det er noko dei lurer på.
I Geiranger er det om lag 60 prosent av innbyggjarane som er kundar i Sparebanken Møre.
Det er klart det vil kome ein reaksjon. Sparebanken Møre er ein lokal bank, vi er ikkje for turistar, men for folk og næringsliv i området, sa Nydal.
|
|
|
|
|
|
|
|