På besøk i lokalavisa

Storfjordnytt inviterte til ope hus i redaksjonslokala i Gamlebanken sist laurdag. Det var i høve 25-årsjubileet.

1. desember
Randi Flø
Det vart ei koseleg stund saman med Kjellaug Ytterli (f.v.), Malene Lyse, Nina Grøndahl og gamleredaktøren Terje Linge.
Heldigvis hadde vi ikkje kjøpt inn ekstra med kaffi og anna godt til inga nytte. Det vart ein god del som tok turen innom og gjorde dette til ein triveleg dag.
Å bla i gamle avisårgangar slår aldri feil, og med gamle treng ein ikkje meine meir enn eit år tilbake. Det er så mangt som er gløymt, og det er så mangt som kan kommenterast i ettertid.

Besøk
Vi hadde rydda og pakka vekk alle slags papir og anna laust som har ligge og slengt i lang tid. Med blomsterhelsingar og mykje frukt kjende vi oss klar til å ta imot folk, og dei kom.
Svein Ruset hadde på førehand sendt ein epost med forteljing om jula på Kastet. Han hadde bedd informantane sine, Malene Lyse og Kjellaug Ytterli om å ta med seg bilde frå Kastet. Og det gjorde dei. I god tid før dei skulle på Muritunet for å ta laurdagsbadet stakk dei innom avisa.
– Helsebading har vi gått på i 30 år. Vi hadde ikkje kome oss hit om det ikkje hadde vore for det, vi blir så mjuke og gode i kroppen av det, fortalde dei.

Dei diskuterer avisa litt, og Eli Boatwright, som også sit ved bordet, meiner det kunne ha vore skrøna litt meir, litt meir humor hadde gjort seg.

Dei to søstrene som vaks opp på Kastet fortel om personane på bildet, om dei som flytta dit i 30-åra, kjøpte ei brakke i Tafjord og sette opp huset, som hadde sju-åtte soverom. Løa var bygd på ein spesiell måte.

– Ho var vel rekna for å vere den største løa i kommunen den gongen, skyt gamleredaktør Terje Linge inn.

Dei siste som flytta frå Kaste, var far og mor til dei to damene, dei flytta i 1956. Fleire og fleire blir interesserte i livet på Kastet som dei to kan fortelje om. Dei får mange spørsmål og fortel så naturleg og levande om skulekvardagen og om livet elles. Det var mange omsyn å ta når dei unge skulle på skuleveg, til Fjørå der dei budde på eit slags internat. Fjordisen var eit viktig omsyn. – Vi hadde med oss mat for heile veka, det var surmjølkspanna i eine handa, forklarer den eine. – Stundom synest eg folk kan vere vel snare å klage på ale no for tida, seier Malene.

Det vart mange minne å hente fram for dei som stakk innom avisa laurdag, og mang ein god latter av kommentarane. For dei som ikkje fann tid til å kome innom vil vi berre seie at dørene er opne. Dei gamle årgangane ligg her framleis, det er berre å ta turen innom og slå av ein prat og bla litt og mimre litt.