Nei til samanslåing

Kommunestrukturen bør helst vere som no, var den klåre røysta til stordalingane på folkemøte i Grendasalen. Konsernmodellen er einaste alternativet.

8. desember
Kenneth Strømsøy
Ole Johan Vidhammer ville helst halde på kommunestrukturen som han er, men meinte konsernmodellen kunne vere eit greitt alternativ. Ved bordet: Professor Jørgen Amdam, Jan-Petter Eide (rådmann i Haram), ordførar Charles Tøsse og møteleiar Bjørnar Midtbust.
Ikkje uventa var det eit smalt utval stordalingar som møtte fram til folkemøte om den framtidige kommunestrukturen. I beste fall kunne ein telje ein ungdom og tre-fire kvinner, resten var i høg grad meir enn middelaldrande menn - dei fleste med fortid som aktive lokalpolitikarar. Kan hende tyder det at ungdomen, kvinnene og dagens folkevalde synest det er heilt greitt at Stordal vert samanslegen med ein eller fleire av grannekommunane, kan hende tyder det noko heilt anna. I alle fall: den smalt representerte møtelyden presenterte i hovudsak ei og same meining:
Stordalingane vil ikkje slå seg saman med nokon, og i alle fall ikkje med nokon lenger inne i fjorden. Men dei er ikkje avvisande til ein konsernmodell, der dei einskilde kommunane får ha ei høg grad av sjølvstyre innanfor ein større regionkommune.
Etter innleiinga til Jørgen Amdam, professor ved Høgskulen i Volda, og Jan-Petter Eide, rådmann i Haram, var det gamleordførar Ole Johan Vidhammer som målbar tankane til møtelyden. Vidhammer meinte den beste løysinga for Stordal, er som i dag, men var ikkje avvisande til konsernmodellen.
– Det er ikkje lett å selje ordet «konsern» i denne kommunen: Det kom eit konsern til bygda for nokre år sidan - og det var då synda kom til bygda, spøkte Vidhammer. Han såg likevel på konsernmodellen som det beste alternativet til kommunestrukturen vi har i dag, og meinte dette kunne vere ein grei måte å handtere ålesundarane på.
Meir direkte samanslåing av kommunane syntest Vidhammer lite om - i alle fall kunne han ikkje sjå for seg Norddal, Stranda og Stordal i ein kommune. Stordalingane må vende seg utover, om dei skal samarbeide, meinte Vidhammer.
Dei etterfølgjande innlegga frå salen støtta i all hovudsak synspunkta til Ole Johan Vidhammer: Leif Rune Vinje kommenterte mellom anna at konsernkommunen høyrdest ut som ein fylkeskommune som fungerer, noko mannen bak konsernmodellen, Jan-Petter Eide, ikkje var direkte usamd i. Men Eide presiserte at her også er parallellar til inndelinga i bydelar i dei store bykommunane. Vinje poengterte også at kvar gong stordalingane sjølv vel å samarbeide, vender dei seg utover, medan kvar gong staten får rå, må Stordal samarbeide med Stranda.
Per Ivar Skodjereite var ikkje usamd med dei andre i saka, men hadde ei løysing ein god del av møtelyden neppe vil vere villige til å skrive under på: Han oppmoda dei som ikkje vil ha store endringar, til å røyste annleis ved stortingsvalet enn stordalingane har pla gjere...

Ikkje noko å spare
Det var professor Jørgen Amdam ved Møreforsking og Høgskulen i Volda, og rådmannen i Haram, Jan-Petter Eide som stod for innleiingane på folkemøtet om kommunestrukturen.
Den klåraste bodskapen frå professoren var at det er svært lite å spare på å slå saman kommunar. Etter å ha studert kommunane på Søre Sunnmøre, er konklusjonen at ein i beste fall kan spare ein til to prosent av kommunebudsjetta, i hovudsak i administrasjonen og i teknisk sektor. Dette er ikkje noko som helst i nærleiken av tala Staten kan spare på til dømes å effektivisere trygde- og helsevesen-
et. Amdam meinte derfor den økonomiske sida er heilt underordna når ein vurderer å slå saman kommunar.
Ein vanske for utkantkommunane som Amdam peika på, er endringar i småkommunetilskottet. Truleg vil dette endrast slik at det berre er dei reine utkantkommunane, som til dømes Vanylven, som ikkje soknar til noko større arbeidsområde, som vil få tilskott. Ein kommune som Stordal, vil reknast for å liggje innanfor pendlarområdet til Ålesund, og vil derfor misse småkommunetilskottet. Kommunane får derimot halde på tilskottet i 10 år dersom dei «frivillig» vel å slå seg saman med andre kommunar.

Regionkommunar
Dersom fylkeskommunen vert borte og ikkje vert erstatta av noko anna mellomnivå, ser Amdam for seg at det vert
umogleg for dei 434 kommunane i landet å la vere å slå seg saman. Truleg vil ein då ende opp med 40 til 50 regionkommunar, eller fogderikommunar. Dersom ein i staden byter ut fylka med sju landsdelsregionar, meiner Amdam talet på kom-
munar bør liggje kring 160.
Det uttalte målet til regjeringa er at ingen kommunar skal vere på mindre enn 3.000 innbyggjarar, fortalde Amdam. Her skal det vere maksimalt ein skule, ein barnehage, ein eldreinstitusjon og så vidare. Dersom kommunen vel å ha fleire einingar, må dei betale dette sjølve.
Den organiseringa forskaren
trur kan fungere best for Søre Sunnmøre, er at dei sju kommunane der slår seg saman i ein regionkommune der mest mogleg av ansvaret vert delegert til dei sju basis-kommunane, som vil fungere omtrent som bydelar. Sjølv om det her er snakk om eitt forvaltingsnivå, der einskildkommunane
har ein slags fridom under ansvar, bør det vere direkteval både til regionkommunen og dei einskilde kommunane, meiner Amdam.

Konsernkommunar
Rådmannen i Haram, Jan-Petter Eide, sa han ikkje er så oppteken av å få til ein optimal produksjon i kommunane. Han meinte det viktige er å få til ein meir dynamisk modell, og hadde derfor laga ein konsernmodell, der einskildkommunane vert ein slags divisjonar under ein regionkommune - altså noko i nærleiken av løysinga til professor Amdam. Den viktig-
aste grunngjevinga for ein slik modell, er å la kommunane få halde på særdraga og la dei utnytte dei til eige beste.
Eide stilte det retoriske spørsmålet om kommunen skal vere ein framtidsretta utviklingsaktør eller ei regional velforeining. For han er svaret at næringsutvikling og kompetanseutvikling er mellom dei viktigaste oppgåvene til kommunen, og det er her Eide meiner konsernkommunen kan vere den beste løysinga for å ta vare på dynamikken og styrken i dei særskilde småsamfunna. Då vil ikkje dei små kommun-
ane verte dominerte av ein stor, samstundes som dei heller ikkje vert så avhengige av at den store heile tida må drage lasset.