Næringshagebygg til fem millionar kroner

Berre mot ei røyst gjekk formannskapet i Norddal inn for at kommunen skal bruke fem millionar kroner på å kjøpe delar av Laader Berg-bygget, innreie det og leige det ut til Norddal næringshage.

8. desember
Randi Flø
Styreleiar Finn Terje Nilssen og dagleg leiar Torkjell Døving i Norddal næringshage var til stades då eit fleirtal i formannskapet gjekk inn for å tilrå overfor kommunestyret at kommunen investerer i bygg for å leige ut til næringshagen. Formannskapet heldt møtet i Tafjord.
Vedtaket skal gå vidare til kommunestyret, som skal gjere endeleg vedtak 16. desember. Samstundes går vedtaket ut på at næringsavdelinga i kommuen, med to tilsette, skal inn i nær-ingshagen. Det skal også Ove Skylstad, tilsett ved Destinasjon Geirangerfjorden-Trollstigen (DGT), i vintermånadene frå oktober til april.

Rapport
Det er utarbeidd ein rapport om næringshagen av Møre og Romsdal Bedriftsrådgivning, som kostar mellom 30.000 og 40.000 kroner. Signe Brenna (Nl) var den første som tok ordet under debatten i formannskapet. Ho viste til rapporten der det mellom anna står at det er meir semje om næringshagen som fenomen enn om kommunens økonomiske engasjement i denne samanhengen.
– Eg ser det positive i næringshagen som konsept, men er det kommunen si oppgåve å byggje eit bygg for næringshagen? I denne rapporten viser det seg at husbygging er eit tapsprosjekt
for kommunen, det blir ein stor økonomisk kostnad kvart år framover, sa Brenna, som heller ikkje kunne sjå at behovet for 850 kvadratmeter er dokumentert. Ho ville heller at kommunen skal bruke pengar på å støtte bedrifter og på infrastruktur.
Paul Fredriksen (Ap) sa at det skal vere næringshagen heilt uvedkomande å drive med bygging, næringshagen skal vise at den klarer seg når tida er komen.
Merete Løvoll Rønneberg (Sp) sa at ho hadde vore skeptisk til kommunen sitt engasjement i næringshagen, og rapporten syntest ho var for dåleg arbeid. Etter ein lang telefonsamtale med dagleg leiar i næringshagen, Torkjell Døving, hadde ho landa på at kommunen kan ta på seg rolla som utbyggjar, men ikkje forplikte seg til å få næringshagen på beina. Ho ville også ha ein realistisk analyse av arealbehov og utleigeprisar og åtvara mot å vere for råflott. Ho var også oppteken av at utleigeprisane ikkje skulle bli for høge for nye bedrifter. Ho ville heller ikkje vere med på å flytte næringsavdelinga til næringshagen.
– Næringsavdelinga femner om alle næringar. Norddal næringshage representerer i dag reiseliv, helse og natur, sa ho og meinte det kan oppfattast uheldig om næringsavdelinga skal flyttast, men at det no er viktig å kome i gang.

Tida
Også Svein Linge (Al) var oppteken av at ein ikkje må bruke meir tid no.
– Det er pinleg at det har gått så lang tid, sa han og frykta konsekvensane av å utsetje dette. Så lenge det har vore støtte frå fylket og Innovasjon Norge syntest han det var uheldige signal å sende ut. Linge gjentok dessutan opp til fleire gongar i løpet av møtet at han ikkje ville seie så mykje når det ikkje vart overført på radio.
Oddfrid Tafjord (KrF) ville ikkje stille spørsmål ved om det er ei kommunal oppgåve å byggje, men ho var glad for at kommunen har handlefridom.
– Mitt mål er å få dette på plass, eg har vore med og hjelpt bedrifter før, å få vere fadder på ein slik måte er flott, og eg er sikker på at det vil gå i hundre, sa ho.
Arne Sandnes (Sp) var samd i at det kanskje ikkje er ei kommunal oppgåve å byggje.
– No satsar vi på dette, det er no eller aldri. Eg har tru på dette, no har vi fått ein viss tillit i fylket, ikkje minst på grunn av ein dugande dagleg leiar og eit kompetent styre. Det blir lagt merke til at fleire interkommunale prosjekt blir lagt til næringshagen.
No blir det ein kamp om mange interkommunale stillingar, vi må ha ein plass å leggje dei. Med eit breitt fagleg miljø blir det meir interessant å leggje stillingar dit, sa Sandnes som kom med framlegg om å tilby kontorplass til destinasjonen vintermånadene og stengje kontoret på hamna.
– Ove Skylstad kan ha noko å tilføre miljøet i næringshagen og han treng sjølv påfyll frå andre. Det er ikkje rett å halde utanfor dei viktigaste aktørane, no må vi gå heilhjarta inn for dette, sa Sandnes.
Han var samd i at å flytte arbeidsplassar frå rådhuset til næringshagen vil medføre ekstra kostnader for kommunen, men han trudde ein vil få att for dette gjennom kunnskap og kreativitet i næringshagen.

Liten kapital
Styreleiar Finn Terje Nilssen og dagleg leiar Torkjell Døving i næringshagen var til stades på møtet for å svare på spørsmål.
Nilssen sa at Norddal nærings-hage er fundert på eit aksjeselskap med ein liten aksjekapital, 300.000 kroner. Utifrå vedtektene har ikkje selskapet høve til å investere i bygg, det skal leige. Då det vart skipa, vart det sagt at kommunen skulle stille bygg og leige ut.
– No er det på høg til at det kjem til realisering, det er ikkje rett at det blir eit gedigent underskotsforetak, sa Nilssen.
– Eg ville ikkje framstille næringshagen som eit underskotsforetak, men for kommunen vil dette gi store økonomiske konsekvensar i fleire år framover, det blir århundrets dyrast arbeidsplassaar, repliserte Signe Brenna.
Arne Sandnes peika på at dette er i likskap med å byggje ein veg som infrastruktur. Til dømes er vegen til Storåsen ei god samfunnsinvestering. Avkastninga vil ein sjå i form av dei arbeidsplassane som blir skapte.
Merete Løvoll Rønneberg var oppteken av at ein ikkje berre kunne vedta å flytte Ove Skylstad over i næringshagen, og at næringshagen bør vere så attraktiv at han vil flytte dit. Arne Sandnes sa han hadde snakka med Skylstad, som synest det er greitt å flytte til næringshagen.
Torkjell Døving peika på at næringshagen driv næringsutvikling og har fått tett dialog med fylket og Innovasjon Norge, han kunne love at på grunn av næringshagen skal det gå i pluss i næringsfondet.
Magne Almstad (Frp) stilte spørsmål om kva dei årlege leigekostnadene blir. Til det kunne Nilssen svare at for kommunen blir det utgifter til lån på 200.000 kroner i året og leigeinntekter på 300.000 kroner, dermed ein nettogevinst for kommunen på 100.000 kroner i året.
Ved røystinga gjekk Signe Brenna imot alle punkta i framlegget til Sandnes. Merete Løvoll Rønneberg gjekk imot punktet om å flytte den kommunale næringsavdelinga.