Ledige gardsbruk

Det er mange tomme, mørke hus på gardane i Stordal. No vil landbrukssjefen ha folk og lys att i husa.

15. desember
Kenneth Strømsøy
Toralv Klokkehaug.
Landbrukssjef og skapdiktar Toralv Klokkehaug gav ei prosalyrisk innleiing til folkemøtet om ledige gardsbruk i Stordal: Han vil gjerne ha folk og lys inn i dei tomme gardshusa i kommunen. For å få lyset tend i så mange hus som mogleg, har landbrukskontoret i samarbeid med fylket teke til å kartleggje alle ledige gardsbruk og hus på gardsbruk i Stordal og Ørskog.
Folkemøtet vart halde på garden der det truleg er mest folk og liv i heile Stordal - på Nilsgardstunet.
Ordførar Charles Tøsse innleidde med å fortelje at han sjølv er oppvaksen på ein avsides gard langt fram i dalen, og han lurte ofte på kvifor gardsbruk vert ståande tomme og ledige. – Korleis kan nokon vere tent med det, spurte han.
Tøsse presiserte at kartlegginga var eitt av fleire prosjekt for å skape entusiasme i dei mindre sentrale områda av Stordal kommune, og trekte mellom anna fram det privatdrivne Prosjekt Øvre Stordal.

Frå byråkrat til bonde
Stein Brubæk var første hovudinnleiar. Han fortalde at han sjølv var ein byråkrat som hadde vorte bonde, og no driv eit bruk med geit, sau og kyr, og har også teke til med eit lite seter-ysteri. For tida er han også leiar for kartleggingsprosjektet i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Brubæk meinte det vanskelegaste med å selje eit gardsbruk kan vere kjenslene ein har til eit bruk som har vore drive av familien i genera-
sjonar. Dessutan trur ein ofte at bruket ikkje er i god nok stand, etter dagens tilhøve. Men det er svært mange som ønskjer seg bruk med enkle kår, og som kan tenkje seg å setje det i stand sjølv, litt etter litt, hevda Brubæk. Og når eigarane får tenkt seg om, kjem dei ofte til at det er betre at det gamle familiebruket vert drive av nokon som held det i stand, enn at det berre står og forfell.

«Slipp oss til»
Det er prosjektet «Slipp oss til - ungdom inn i landbruket» som har teke initiativet til å kartleggje ledige gardsbruk i heile landet. For det er mange ungdomar som ønskjer å slå seg ned på og drive eit lite småbruk, men dessverre er det ofte nærast uråd å få tak i eit bruk, trass i at det er 50.000 ledige gardsbruk her i landet. «Slipp oss til» har også starta nettportalen gardsbruk.no, der både seljarar og kjøparar av garden og småbruk kan annonsere gratis. Organisasjonane bak pro-
sjektet «Slipp oss til» er Natur og Ungdom, Norges Bygdeungdomslag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Slepphendt bu- og driveplikt
Stein Brubæk var også inne på konsesjonslovgivinga, og meinte mange kommunar er altfor slepphendte med å gje fritak for bu- og driveplikta. På dette viset er kommunane med på å redusere folketalet, peika han på. Ved å vere strengare til å handheve bu- og driveplikta, kan ein få landbruksinteresserte byfolk til å flytte til bygda, i staden for at bruka berre vert brukte som fritidshus.
Etter pause var ikkje Storfjordnytt til stades, men Randi Holme frå landbruksavdelinga til fylket fortalde om kva som faktisk er mogleg å få til for dei små lokalsamfunna, og som ikkje kan gjerast av nokon andre, som til dømes lokalt forankra småskalaproduksjon og vidareforedling til lokale tradisjonsprodukt.

Kartlegginga tek til
Kartleggingsprosjektet vil no ta til i Stordal ved at landbruks-
sjefen tek kontakt med ressurspersonar i dei ulike grendelaga og dalføra for å få ei oversikt over kva for gardshus som er ledige. Deretter vil eigarane få eit skriv, der dei vert informerte om prosjektet og kva for hjelp dei kan få til eventuelt å selje eller leige ut dei tomme husa, med eller utan sjølve bruket. Det er til dømes mogleg å halde att tunområdet, og at den som overtek byggjer nytt ein annan stad på garden. Eller ein kan selje berre bustadhuset og leige ut eller selje jorda som attåtjord til andre.