Stian med ny festival neste år

Omenås musikkfestival vart halden for første gong no i sommar. Stian Omenås har allereie klart ein god del av programmet for ny festival til sommaren.
Stian Omenås.

15. desember
Randi Flø
Stian Omenås seier at responsen etter den første festivalen har vore fenomenal, både frå musi-karar og publikum. Det har derfor ikkje vore noko vanskeleg avgjerd å ta når det gjeld eit nytt tiltak for festivalen i 2005, som vil gå av stabelen 29.-30.juli.
Han nyttar også høvet til å takke alle frivillige hjelparar, familie, musikarar og ikkje minst publikum for den støtta dei viste han på årets festival. Det var mange som var med og støtta festivalen økonomisk, og Stian Omenås seier at den framtidige drifta av festivalen er heilt avhengig av statleg og kommunal støtte i tillegg til sponsorar frå næringslivet, dette for at festivalen skal ha ei sikker framtid og at artistane skal få ein rettferdig avtale for den jobben dei gjer.
Omenås Musikkfestival vil halde fram i same bane som før med estetisk og kunstnerisk kvalitet i sentrum. Festivalen skal ikkje vere for kommersiell, men likevel folkeleg på den måten at publikum blir servert eit allsisdig og variert program.
– Som festivalsjef med hovudansvaret for heile arrangementet har eg lært mykje av dei små feila som dukka opp under årets festival, eg kan love at publikum og musikarar får endå betre arbeids- og lytteforhold på festivalen i 2005, seier Omenås.

Program
Oppsettet for neste års festival nærmar seg slutten, førebels kan Stian Omenås røpe ein del artistar og band som skal spele konsertar i Valldal 29.-30.juli.
Jan Eggum treng vel ikkje nærare presentasjon, han er ei levande legende i norsk musikkliv og ein trollmann på scena med ei magisk balanse mellom det alvorlege og det humoristiske.
Rob Waring er vibrafonist frå Oslo, han er oppvaksen og har studert musikk i New York før han flytta til Oslo der han no jobbar som musikar, komponist og pedagog. Han har vore med å prege den norske improvisasjonsmusikken i 20 år som nummer ein på vibrafon.
Velvet Lounge Orchestra er ein pop/jazz-kvintett frå Trondheim med vokalist og komponist Marita Røstad i spissen, her er Stian Omenås med på trompet.
DinoSau er ein elektro/pop-trio frå Oslo som i løpet av siste året har vorte eit ettertrakta nyskap-
ande band med særeigne og ærlege låtar. Her finn vi mellom andre Lena Nymark som vokalist.
Kim F. Myhr og Håvard R. Volden er to trønderar med gitar som vil trollbinde publikum gjennom ein konsert i gitarens allsidige verd.
Også komande festival vil ha ein strykekvartett. Frå det sterke strykemiljøet i Trondheim og Trondheimssolistene vil fire musikarar på to fiolinar, bratsj og cello spele eit repertoar frå øvste hylle over den eldre og moderne tidsepoke. Dei vil også vere med på bestillingsverket. Det er tubaist og komponist Martin Taxt som har fått i oppdrag å skrive bestillingsverket for Omenås Musikkfestival 2005. Han kjem frå Melhus i Trøndelag og studerer no ved det nasjonale musikkonservatoriet i Paris. Han vil bruke musikarar frå DinoSau og strykekvartetten i framføringa av verket.
Tre av dei mest aktive artistane under festivalen, Omenås, Waring og Rennestraum, vil innleie jammen på fredagskvelden med eit rykande ferskt prosjekt, ny musikk i ei ny setting.
For dei som vil bidra med eigen kunst, er scena open for alle under jamsession. Jammen fredagskvelden vil ikkje ha noko avgrensingar når det gjeld sjanger, lovar Omenås. Laurdagens jam derimot vil innehalde meir dansbar musikk for dei natteglade.
Nytt av året er ein barnekonsert. Stian Omenås vil presentere ei heilt ny forestilling med vakker musikk og moderne dans.
Dei aller fleste konsertane vil halde hus på Ystereiten forsamlingshus med unntak av Jan Eggum og barnekonserten som vil få eit meir tilpassa lokale.
– Då ønskjer eg publikum, musikarar og sponsorar hjarteleg velkomne til ei ny runde Omenås Musikkfestival, eg gler meg, seier Stian Omesnås.