|
|
Når ein budde på ein einsleg veglaus gard, oppe i fjellsida og med fjorden rett under, var ikkje livet alltid så enkelt. På same tid var ikkje problema større enn at vi takla det meste, og vi hadde det fritt og godt.
Når haustarbeidet var over, stod jula for døra, med alle dei gjeremål og førebuingar som då måtte til. Vi var til
saman åtte personar med smått og stort i vår heim. I det andre huset på garden budde bestefar. Det var slik at alle skulle ha noko nytt i kledevegen til jul. Alle måtte vere presentable til å vere med til kyrkje, og kanskje på juletrefesten i Fjørå om veret var lagleg. Veret laut ein rette seg etter, med snø og snøfonner rundt husa på alle kantar, og storm som kunne piske opp fjorden på ein augneblink. Elektrisitet hadde vi ikkje, og telefon og radio kom først etter krigen.
Haustslaktinga var om lag midt i november. Her var mykje arbeid for både kar og kvinne. Alt slakt, med innmat og tarmar, skulle stellast. Spekekjøttet og julesteikene vart hengt oppå mørkeloftet. Mørkveilane hang i fine rundingar rundt stavane, halve sauehaud rånda seg oppunder taket, og sauenikja vart lagt til tørk på gamle aviser. Då var det kjekt å kikke opp gjennom mørkelofts-luka og sjå på all maten.
Etter slaktinga kom bakinga. Til lefsebakinga brukte nabokona å kome med kjevlet under armen. Det gjekk helst på bytebaking, det vart meir sosialt det. Syster mi, ho Kjellaug, og eg fekk prøve oss å bake føre. Det var alltid spennande å høyre duren av kjevla og alt det bakstekonene hadde å snakke om. Det første eg minnest av småkaker var smultringar og platekake, og litt store toppar til kaffikaker. Etterkvart vart det vel minst dei sju sortane.
Etter bakinga stod enno litt slakting att. Det var julegrisen og ein spekalv. Karl Johan på Lillehjellen i Osvika var ekspert på griseslakting, og var alltid brukt. Han var ein morosam mann, så innimellom grisehyl og alt ståket hadde han så mange gode historier at vi ungane hadde det svært morosamt. Det vart laga til kokande vatn i ei stor tønne. Griseskrotten vart heist opp så dei fekk hovudet og framdelen nedi varmevatnet. Så brukte dei kvasse knivar og skrapa busta. Deretter måtte bakenden nedi, og same skåldinga og skrapinga der. Dermed hang grisen der så rein og ljoseraud i skinnet at vi tykte han var fin å sjå på. Med gris og kalv vart det mykje god mat. Det var sylteflesk, eller kvejol som vi kalla det. Det var syltelabbar, kalvedans og grisemør. Flesk vart salta til seinare koking og steiking.
No var det far som ville ha kjellaren for seg sjølv. Det var juleølet som skulle bryggast, og det var kara-arbeid. Kvinnfolka måtte heller tenkje på nedvask av huset, frå kjellar til loft. Det vart skura og vaska i alle krokar og krikar, tak og vegger, skap og skuffer. Det var litt av ein jobb, men det vart i alle fall god vaskelukt overalt. Vi småjentene var ikkje store før vi måtte vere med for fullt.
Siste dagane før jul måtte vi byte høy i sengebolstrane våre. Svane-madrasser var ikkje komne på markedet ennå, må vite. Gutane måtte bere bolstrane fram i løa slik at vi fekk riste dei godt tomme, og fylle dei med nytt fint høy. Når bolstrane var på plass inne i sengene, såg dei ut som store ballongar. Den kvelden var det stas å få legge seg, med reine sengklede, godt og mjukt og med lukt av tørt høy. Men om morgonen vakna vi i ei djup hole. Då måtte vi riste opp høyet i bolsterane og jamne det flatt att til neste natt.
Julaftan føremiddag var det mykje å stå i. Oljelampane skulle pussast, og lampeglasa vaskast skinande blanke. Endåtil fjøslykta fekk ein omgang. Når vannkranen var blenkt og messing-lysestakane var pussa, tykte vi det var fint i stova. Medan dette hende, var karane av og henta juletre. På Kaste er det ikkje gran og lite furu, så vi brukte ofte juletre av einer.
Så var det julelauget. Vi hadde ein bra vaskekjellar, og der varma vi vatn i storgryta. Då vart det også varmt i rommet. Far hadde laga til ei tønne til badekar, der fekk alle nytt vatn, og vi minste fekk plass til heile kroppen. Du kan tru vi var skinande reine når vi fekk på oss julekveld-kleda. Juletreet vart pynta og kjertelysa festa med metallklyper. Vi tende lysa ei stund, men dei vaksne var veldig redde for at noko skulle ta fyr, så dei var snare å sløkke. Vi song nokre julesongar medan lysa var på, men brukte ikkje å gå rundt treet. Julesteika åt vi klokka fem presis. Den var utvatna og kokt tidlegare på dagen. Far hadde kveikt opp i grua nede i kjellaren, der steikte han stykka på ein bjørketein med tre pinnar i øverste ende. Der festa han pinnekjøtet og heldt det over bålet. Vi borna måtte hente ei snekalefse som han let fettet frå kjøttet renne ned på. Alt skulle nøytast. Vi åt lefsa når han var ferdig. Den gode lukta og ventetida gjorde oss veldigt svoltne.
Oppe på kjøkkenet hadde mor ferdig dekka bord med poteter og flatbrød. Vi sessa oss rundt bordet, og du kan tru maten smaka. Bestefar, Karl Elias, som bodde i stova vegg i vegg, ville helst feire julekvelden i eiga stove. Dermed måtte nokon ete steika med han. Etter at bror min Karl, som heitte etter bestefaren, var 8-10 år, ville bestefaren helst at det var han som var der. Lysta trur eg ikkje alltid var så stor, heldigvis var det svært kort veg imellom.
Julegåver var det lite av. Men far, Laurits Ruset, hadde søster si Nellie Berg, eller Pernele-faste som vi sa, i Seattle, USA. Derifrå kom alltid amerikapakke før jul. Denne pakken vart ikkje opna før julaftan, etter at vi hadde ete, og dei vaksne hadde fått kvile ei stund. Så måtte mor til fjøset. Husdyra måtte også få noko ekstra godt på julekvelden.
Endeleg vart pakken boren inn på kjøkkenbordet, og utdelinga kunne ta til. Det var stort sett brukte klede, men fine ting. Litt smykker og pynteting var det og, ja det var litt åt alle.
Seinare på kvelden kom alltid far med eitkvart. Ein gong hadde han fått ein pose med ting frå ein forsikringsagent. Det vart utdeling av reklameting som viskeler, blyantar, ringar og slike småting. Noko vart det på alle her og. Det verka som alle vart fornøgde ein heilag julekveld.
Tilslutt var det kaffi og kaker, og det vanka både eple, neter og appelsiner. Vi borna vart både mette, trøytte og fornøgde, og senga var god å leite opp til slutt.
Tidleg juledags morgon vakna vi av at mor kom med nykokt kakao og småkaker til oss borna. Etterpå var det frukost og smak av alt som var tiltenkt til jul. Dersom veret var brukbart, reiste alle som kunne til høgmesse, og vi borna syntest det var kjekt å vera med. Det var høgtid, alle helsa God Jul!. Etter preika tok folk seg tid til å helse på slekt og kjenningar før dei tok på heimveg.
Det var lite dagsljos når vi kom heimatt til middag. Det barst rett til bords til lutefisk og poteter, med melkesuppe til. Resten av dagen skulle vi vere inne, sjølv oppi stova til bestefar var det ikkje lov å gå på besøk.
Nyttårsaftan hadde vi svineribbe til middag. Vi hadde det godt i matavegen for vi nøytte alt som vi dyrka på garden. Pengar å kjøpe for var det lite av, så kjøpeklede var det sjeldan vi fekk. Vi gjekk med heimelaga ullklede av saueull, og dei var no både varme og gode.
Vi ungane hadde nesten aldri pengar, men ein gong hadde eg samla meg heile 25 øre. Denne kapitalen sende eg med far ein dag han skulle til Sylte på handel. Han skulle kjøpe meg ein pung. Pengepung vart det for 25-øringen, men det gjekk lenge før det kom pengar i han.
Tredje dag jul var også ein dag vi markerte med å ha noko ekstra i matavegen.
Så gjekk no etterjulsdagane fram mot tjuande dag. Då skulle vi jage jula ut, som det heitte. Det vart iallefall juletreet som laut ut. Men då hadde vi for lengst byrja på skulen ute i Fjørå att. Storskuleborna og småskuleborna frå Korsnes, Kaste, Osvik og Kvennhusneset budde då annakvar veke på det vesle skuleinternatet i Fjørå. Borna vart henta heim på laurdag, og dei andre borna skyssa over att på sundag. Det kunne ofte vere ei strevsam reise, og sume tider måtte alle fare om Osvika på grunn av ver og føre. Ingen streika og protesterte, alt var naturleg og attpå til gjekk det bra. |
|