|
|
Petra Flåen voks opp på Ytste-Åkneset, og minnest godt det som no vert kalla Åkernes-rivna. Men faren det var snakk om den gongen, var ikkje verre enn ein stuva fot. Ikkje ein gong etter Tafjord- og Olden-ulukkene var det nokon som tenkte på at denne rivna, denne sprekken, var første teiknet på at fjellet tenkte seg på fjorden.
Ho har ikkje vore oppe ved rivna sidan ho flytte
heimanfrå, så Petra kan ikkje seie noko om korleis ho har utvida seg dei siste tiåra. Men ho lurer på om bølgjene verkeleg vil verte så store når raset kjem. For fjorden er skrekkeleg djup her, og ho har forstått det slik at til grunnare vatnet er, til større vert bølgjene. Dessutan må vel mykje av raset verte liggjande langs fjellsida? undrast ho.
Same kva, så er eg vel trygg her, ler Petra i røykstova i gamlehuset på Flåen. Herifrå har ho ei utsikt både utover og innover fjorden, og over til Skotet.
Elleve sysken
Petra var nummer tre i den tolv ungar store syskenflokken. Eitt av borna levde ikkje lenger enn til tredje dagen. Men attåt dei elleve som fekk vekse opp, tok foreldra også til seg eit pleiebarn, som var sysken-
barnet til dei andre. Ho kom til familien då ho var åtte år, og vart til ho var vaksen.
Det var ein god oppvekst på Ytste-Åkneset, fortel Petra. Trass i den store syskenflokken, mangla det ikkje anna enn pengar: Det var varme kle til alle, og dei svalt aldri. Men det kunne vere anna som gjorde livet vanskeleg så langt frå folk:
Den eine systera til Petra vart ikkje meir enn 17 år. Ho fekk blindtarmbetennelse medan ho tente på Selje Hotell, og nådde ikkje fram til sjukehuset på Molde:
Då ho vart sjuk, sa ho først ikkje noko, for på den tida skulle ein jo ikkje klage. Men så vart det så gale at ho laut til doktor. Det var ikkje noko nærare enn Molde. Blindtarmen sprakk på vegen, minnest Petra.
God skuletid
Også skuletida var ei god tid for Petra. Ungane frå Åkerneset og Matvika gjekk på skule på Ljøen. Skulen varte i fjorten dagar om gongen, for skulevegen var bratt i båe endar, og midt i mellom var det eit godt stykkje fjord. Heimetida kunne variere, men oftast varte også ho fjorten dagar.
Dagen før dei drog til skulen, baka dei brød, vaflar og svele, så dei hadde niste for ei veke. Dei tok også med seg kjøt, men dei slapp å bere potet: Det fekk dei frå vertsfamilien, som koka middag til dei kvar dag. Etter ei veke rodde far til Petra inn med nye forsyningar.
Åkernes- og Matvik-ungane budde i øvste garden på Ljøen, og vart vel tekne hand om. Petra minnest at familien dei budde hos, var strenge på å halde stilletimen om kvelden. Då skulle dei gjere lekser.
Det var i grunnen ein god time, hugsar Petra, for elles gjekk praten heile tida. Då vart det lite fred og ro.
Tidleg i teneste
Allereie då ho var ni år gammal, fekk Petra si første vesle tenestestilling. Ho bar kaffimjølk frå setrane og ned på Ljøen annakvar dag. Det kan ikkje ha vore noko kjekt når vêret var dårleg, trur Petra. Men det rare er, legg ho til, eg hugsar berre det var fint vêr, eg!
Året etter tok ho til som barnepassar på Seljeflaten i Oaldsbygda, og seinare vart det mange ulike tenestestillingar for Petra. I vaksen alder var ho mellom anna i fem år på Stokkesetrane i Oaldsbygda, der ho ysta kvitost og brunost. Ho tente i to år hos doktor Torgersen på Stranda, ho var i Tomrefjorden og ein vinter var ho på Skeikampen høgfjellshotel. Det var også nett før ho tok seg arbeid på ein av turistbåtane som gjekk forbi nedan-
under barndomsheimen på Ytste-Åkneset:
Heldigvis vart det ikkje, meiner Petra. Slik er det: Noko vert, og noko vert ikkje.
Det som heldigvis vart, var ei tenestestilling på Nedre-Dyrkorn:
Det var nok her han Severin fekk augo på meg, ler Petra medan ho let att sine eigne augo og lèt ei lett raudne strøyme ut i kjakane.
Så det vart Severin som fekk lokka ho til å gifte seg og slå seg til som gardskone. Petra var 30 år, året var 1948, og staden var Flåen på Dyrkorn. Her har ho ikkje sakna anna enn vårsusen, den særeigne susen frå alle dei små bekkane ein mild og stille vårkveld med fuglesong på Åkerneset. Eit sakn kan ikkje vere betre enn det. |
|
Barndomsminner
Åkernes, Åkernes eg minnes deg så vel,
det var vår barndomsheim, og der eg var så sel.
I frå barndommens dager, frå den gang vi var små,alle gode minner i hugen strøymer på.Så godt eg minnast sola, den første dag ho skein,
og første vesle blomen, så liten og så rein.
Når våren kom med solskin, og snøen bråna opp
og lam og kje sprang ute, i viltre, kåte hopp.
Eg minnast også sommaren når sola steikte ned, da var det godt å finne seg skygge bak eit tre.
Og også jula minnest eg, den store høgtidstund, då vi gikk ikring juletreet, og sang med barnemunn.
Det er litt trist å tenkje på Åkerneset no,
for husa dei står tomme og ingen der kan bo.
Men vakre barndomsminner me alle hugsa vi, du ligg så djupt i hugen og der dei høyrer til. Når trygt eg går på golvet og passar min maskin,
då ofte hugen vender til Åkerneset inn.
Jon Åkernes, (ein yngre bror av Petra |
|