Siste måndag var det flyttedag frå den gamle avdelinga ved Stordal alders- og sjukeheim. Nokre flytta inn i den nye avdelinga med seks rom, der dei bur to og to på rommet. Andre flytta inn ein bumodul som er sett opp i enden av nybygget med inngang til det nye bygget. Slik blir situasjonen fram til heile bygningsmassen skal vere ferdig i juli i år.
Måndag var det stor aktivitet, og alle fekk kome ut av den gamle delen, der det no skal setjast i gang med riving på innsida. Fleire hadde familie til å hjelpe seg i tillegg til dei tilsette.
Det vart også delt ut nye alarmar til alle, og dei tilsette gjekk gjennom det nye systemet i fellesskap og sikra seg at det verka.
Den 21. og 22. desember vart nybygget ved Stordalstunet teke over av kommunen etter overtakingsforretning med dei ulike entreprenørane.
Romvenninner
Dei er samstemteom trivselen, Beate Øvrebust og Marie Busengdal, som har vorte romvenninner denne dagen. Vi møter dei rett etter middagskvilda på det nye rommet i den nye delen av Stordalstunet.
Latteren sit allereie laust mellom veggene, dei fortel at dei har vorte samde om at det skal gå bra å dele rom. Om det er noko, lyt dei seie frå med ein gong.
Det er ikkje eit fjernsyn å sjå på rommet deira. Beate fortel at ho har sendt det heim att til Øvrbeust. Ho braut lårhalsen for ein månads tid sidan og skal vere her for å styrkje seg opp att og reknar med at om eit par månader får ho trø med full tyngde på foten igjen.
Trivst godt
Dei fortel at her trivst dei godt.
Her får vi så god pleie at vi ikkje ønskjer oss noko anna, og vi får god mat, seier Beate.
Ja, dei passar på oss som smeden, ler Marie.
Når det er langsamt, ber Beate Marie fortelje litt frå gamle dagar og då har dei underhaldning i lang tid.
Og fjernsyn saknar dei ikkje.
Eg hadde eit nytt eit, men det har eg nesten ikkje sett på, det er berre spetakkel. Eg har alltid gått inn på stova, seier Marie.
|
|
|