På det felles formannskapsmøtet mellom Stranda og Norddal var representantar for destinasjonsselskapet inviterte til å orientere om ein modell for ny eigarstruktur. Styreleiar Inge Gjærde sa at styret fleire gongar har hatt interne drøftingar for ei endring, men har ikkje teke stilling til modell. Dei vil no køyre ein prosess fram til generalforsamlinga i slutten av april på vilkår av at eigarane gir grønt lys for det.
Eitt av hovudproblema i dag er at det er altfor stor avstand mellom den einskilde aktør i reiselivet og selskapet. I dag er reiselivsbedriftene tilknytte indirekte gjennom reiselivslaga. Stranda og Geiranger Reiselivslag er eit sovande selskap som skal løysast opp.
Ein ny struktur vil opne for direkte aksjonærar som eit alternativ til kollektivt eigarskap via reiselivslaga, noko Gjærde meiner vil gi større interesse og aktiv deltaking. Dette kan kombinerast med ei aksjeutviding som vil styrke selskapet sin økonomi. Ei aksjeutviding kan også føre til at ein får med eksterne aktørar som Nordfjord og Sunnmøre Billag og Fjord1.
Styret er samstemt i behovet for å få ei endring, sa Gjærde og ga ordet til Tore Haldorsen som på oppdrag frå DGT har sett på ein ny modell for eigarstrukturen.
Lang avstand
Haldorsen viste til at det i dag er dei to kommunane Stranda og Norddal som kvar har 49 prosent av aksjane i selskapet. Dei to reiselivslaga har 51 prosent kvar.
Ei av svakheitene med dagens modell er at det er lang avstand på den måten at næringslivsaktørane kjenner seg lite delaktige, dei får ikkje møte på generalforsamlinga og får ikkje informasjon om rekneskap, budsjett eller marknadsføringsplanar. Mange oppfattar selskapet som politisk styrt.
Haldorsen sa at det er til dels mangelfull kompetanse i styret. Styret gjenspeglar ikkje næringa. Det er stort sett postnummer som bestemmer kven som sit i styret. Samstundes betaler næringa i Stranda nærare seks gongar så mykje som næringa i Norddal.
Flatare modell
Haldorsen presenterte ein flatare modell for organisering. På same nivå som kvar av dei to kommunane kjem kvar bedrift eller ei gruppering av bedrifter alt etter storleik. Gruppering av bedrifter kan til dømes vere The Happy End. Dette vil gi eit tettare forhold mellom næringsaktørane og selskapet.
Han reiste nokre problemstillingar. Skal ein utvide aksjekapitalen? Kor mange aksjar skal ein aksjonær få ha, slik at store aksjonærar ikkje får dominere? Korleis skal styresamansetjinga vere? Er det aksjonærane som skal velje, skal det vere geografiske føringar og krav til kompetanse?
Imponerande beløp
Haldorsen meinte det er eit imponerande beløp når destinasjonsselskapet hadde 4,15 millionar kroner å drive for i 2005. Han ga ros til kommunane som stiller opp, Stranda med 1,2 millionar kroner og Norddal med 800.000 kroner i året. Her har næringslivet ein god del å ta att. Næringslivet i Stranda ytte 570.000 kroner og i Norddal 100.000 kroner.
Han sa at næringslivet i Stranda opplever den skeive fordelinga mellom næringa i Norddal og Stranda som urettferdig. Norddal har like mange i styret og ventar lik behandling i til dømes trykksaker som selskapet gir ut.
Han kom med framlegg om ein marknadsføringsavtale mellom selskapet og dei ulike aktørane, som skildrar rettar og plikter. På den måten får bedriftene vite kva dei får for pengane.
Vår bedrift betaler 100.000 kroner, men eg har ingen innverknad på korleis pengane blir brukte. Vi må kunne krevje å få innsyn i planar, sa Haldorsen og la til at han trur at ein ny modell kan få med fleire næringsaktørar og at det er nødvendig å få med fleire frå Norddal.
Langsiktige marknadsføringsavtalar vil innehalde ei konkretisering av kva den einskilde kan vente seg at selskapet skal utføre. Det vil gi betre informasjon overfor aktørane og ein vil oppnå høgare bidrag frå næringa. Haldorsen peika også på at Fjord1 er med på ein beskjeden måte no, sjølv om det kanskje er den bedrifta med størst omsetning i området.
Han såg også føre seg at det vert sett ned ulike arbeidsgrupper som er geografisk definerte, frå Hellesylt, Stranda, Geiranger, Valldal/Tafjord og Eidsdal/Norddal.
Stolt
Frank Sve sa etter innlegget til Haldorsen at ein skal vere stolt av det ein har fått til, sjølv om det kan bli endå betre. No er det opp til eigarane å gi grønt lys for å jobbe vidare med den nye strukturen.
|
|
|