Stor interesse for langrenn

Mange på langrennstrening og mange på Stordalscup vitnar om ei sterkt aukande interesse for langrenn i Stordal og Liabygda.

11. januar 2006
Randi Flø
David Vos var med på Stordalscup for første gong.
Pål Bjørn Øvrebust fortel at det var 42 ungar i alderen mellom seks og 15 år som var med på treninga på onsdag.
På Stordalscup som starta torsdag i førre veke var det heile 86 som starta.
Starten gjekk radig unna, Vigdis Hove Øie ropte opp namn og nummer og folk var ute i løypa på kort tid.
– Målet er at alle skal ha det kjekt uavhengig av alder og nivå, seier Øvrebust.
På treningane er det lagt opp slik at skileik er ein sentral del. Noko er fellesaktivitet og noko er aktivitet i grupper etter alder. Det er fleire som deler på trenaransvaret, og det er alltid tre trenarar på kvar trening.
Når det gjeld Stordalscup, som går annankvar torsdag, er konkurransenivået tona ned. Det viktigaste er at alle skal ha lyst til å vere med, noko det såg ut til etter frammøtet å dømme sist torsdag.