Fleire kan få konsesjon på fjorden

Det er to selskap som har søkt om konsesjon for passasjerbåtttrafikk på Norddalsfjorden til sommaren. I utgangspunktet kan begge få konsesjon. Rådmannen i Norddal meiner kommunen bør tilrå berre den eine.

18. januar 2006
Randi Flø
Det er mykje som tyder på at det skal bli meir liv på fjorden om sommaren.
Saksbehandlar i Samferdselsavdelinga i Fylket, Geir Olsen, seier at begge to i utgangspunktet kan få konsesjon. Dei har no sendt saka ut på høyring med frist til 18. januar. Både dei tre kommunane Stranda, Stordal og Norddal skal få uttale seg, det same gjeld nokre operatørar innan reiseliv og turisttrafikk.
– Vi vil sjå på dei uttalane som kjem og sidan skrive ei sak til samferdselsutvalet, slik at det blir opp til politikarane der å ta ei endeleg avgjerd, seier Olsen.
Møtet i samferdselsutvalet skal vere 22. februar.

Verdsarvcruise
Cruiseservice As er eit selskap som driv med persontransport. I fjor fekk dei konsesjon for rute mellom Ålesund og Geiranger, med stopp i Sykkylven, Stordal, Stranda og Hellesylt, eit opplegg dei kalla «fjordabåten». Etter at dei har gjort seg erfaringar gjennom ein sesong ønskjer dei no å knyte ruta til endå fleire reisemål langs fjorden.
Dei skriv i søknaden at då dei søkte sist, la dei stor vekt på å halde fingrane av fatet i området Tafjorden og Norddalsfjorden på grunn av det store lokale engasjementet som var rundt turistferja mellom Valldal og Geiranger. No har dei registrert at auka konkurranse er ønskt velkomen og at dette blir sagt å vere ei utfordring og ikkje slutten på turistferja.
For Cruiseservice er det naturleg å knyte ruta frå Ålesund til Geiranger til området lenger inne, og dei viser til at området får store fordelar med daglege avgangar til og frå Ålesund.
Dei søkjer konsesjon på strekninga Stranda - Norddalsfjorden - Tafjorden, med stoppestader i Valldal, Fjørå, Tafjord, Norddal og Eidsdal. Ruta innover Norddalsfjorden har dei kalla Jordbærruta, og den vil korrespondere to gongar dagleg med Geirangerruta på Stranda på veg til og frå Ålesund. Målet er at dei alt til komande sesong kan drifte ruta alle dagar frå 25. juni til 15. august. I tråd med dei erfaringane dei har gjort seg med Geirangerruta, søkjer dei om konsesjon for ein periode på ti år.

62 Nord
62 Nord Cruises As er eit firma med Spilka Invest As, Strafo As og Hellesylt Trevare As som aksjonærar. Dei søkjer om konsesjon i perioden frå 1. juli til 1. september i år for ei nyetablert turistrute i området Geiranger - Tafjord. I søknaden viser dei til at 2006 blir ein prøvesesong som skal evaluerast i september i år. På bakgrunn av den evalueringa vil dei vurdere å søkje om vidare konsesjon.
62 Nord Cruises vil gjerne bidra til å sikre aktvitet av høg kvalitet ved å setje inn ein heilt ny hurtiggåande katamaran i ruta. Dei trur at dette vil verke som ei solid vitamininnsprøyting i bygdene langs ruta og at det vil skape ny optimisme, driv og på sikt også auke busetnaden. Dei vil fokusere spesielt på det nye omgrepet geoturisme.
Dette selskapet legg opp til å ha stoppestadene Hellesylt, Geiranger, Stranda, Dyrkorn, Eidsdal, Valldal og Tafjord.

Større merksemd
Formannskapet i Norddal skal gi uttale til dei to konsesjonssøknadene på eit møte komande tysdag. Rådmann Stig Holmstrøm har skrive eit framlegg til uttale.
Han peikar mellom anna på at Vidar Hareide har under bygging ein båt som er utstyrt for både fiskeri og transport av reisande. Med denne vil han tilby båttransport på fjorden som er skredd- arsydd, og han har fått støtte til investeringar frå næringsfondet.
Holmstrøm viser til at verdsarvstatusen vil gi større merksemd på vårt distrikt. Norddalsfjorden har kvalitetar som no er dokumenterte, og ein kan rekne med auka aktivitet frå regionale, nasjonale og internasjonale reisande.
Nærings- og reiselivet i kommunen er oppteken av aktivitet på fjorden, av denne grunn har det vore stort engasjement frå enkeltpersonar og næringsdrivande når det gjeld ferja mellom Valldal og Geiranger. Fordelen med turistferja er at ho har konsesjon på frakt av både bilar og passasjerar.
Holmstrøm meiner at opplegget til begge dei to som har søkt konsesjon på Norddalsfjorden med faste ruter innom dei fleste bygdene, gir muligheit for at reisande vert verande fleire dagar i distriktet. 62 Nord ønskjer eit tett samarbeid med lokale aktørar som kan synleggjere dei ulike tilboda i bygdene. Ved ei samordning kan dette både utfylle og styrke kvarandre.

Auka aktivitet
Rådmannen viser til at auka aktivitet på fjorden har vore etterlyst frå fleire hald. Norddal kommune vil så langt råd er, leggje til rette for aktørar som vil drive næring og ønskjer velkomne eit breiare tilbod om personfrakt på fjorden. For å sikre driftsgrunnlaget for dei som skal drive med slik verksemd, vil kommunen innstille på at ein regulerer tilbodet gjennom konsesjonsrunden.
Norddal kommune ønskjer tilbodet om rutegåande skyssbåt velkomen og ser personfrakt som supplerande med den eksisterande turistferja. Han meiner at regulering av tilbodet gjennom konsesjon bør nyttast for å avpasse tilbodet mot etterspurnaden. 62Nord har teke initiativ til eit samarbeid med landbasert næring og vil utvikle eit samansett tilbod til turistane. Derfor vil rådmannen innstille på at dette selskapet får konsesjon.
Stordal kommune har sendt ein administrativ uttale til konsesjonssøknadene. Ordførar Charles Tøsse seier at dei er positive til søknadene, men har ikkje valt den eine framfor den andre.