Denne gongen var det Tricia Boutté. Songen, rytma og stemninga var der med ein gong.
Fullt
Det var fullsett i Norddal kyrkje denne fredagskvelden. Ytre Suløens Jass Ensemble opna med ein Elvis-melodi, Crying in the chapel, før dei fekk fram i sakristiet den nye samarbeidssongaren sin, Tricia Boutté frå New Orleans. Samarbeidet har allereie hausta mykje ros der dei har vore før.
«I´ll surrender all» starta ho med, og folk let seg rive med frå første stund. Betre vart det ikkje då ho serverte «Oh, lift me up». Det var både taktfaste klapp og tramp i kyrkja.
Ho fekk spare stemma si litt då orkesteret spelte ein melodi kalla «Spiritual», ei hylling til negro spiritual-tradisjonen. Ein gammal gospel med tittelen «The sweet bye and bye» fekk folk til å svinge med. Ytre Suløen spelte på alt dei har, samspel mellom dei ulike instrumenta, kvar sin gong til å leie, heile tida med godt humør og glimt i auget.
Spesielt imponert var vi kanskje over den unge trompetisten Kåre Nymark, ung i alle fall i denne samanheng. I tillegg til å spele saman med gamlekarane frå Sula er han frilanstrompetist i Oslo. Han var også flink til å skape kontakt med publikum.
Bass
Det er stryningen David Gald som trakterer tubaen i Ytre Suløen no. På fredag hadde han ei heilt spesiell framføring av ein melodi kalla «Lord, don´t move that mountain». Vi var nok fleire som lurte på korleis han fekk fram desse lydane, som kunne minne om eit indianarinstrument blanda med samisk joik. På ferja tilbake etter konserten fekk vi vite av ein som kan dette meir enn oss vanlege, at han song gjennom instrumentet samstundes som han spelte, tøft var det i alle fall.
Sidan kom det ei avdeling saman med Tricia Boutté igjen. Ho fylte det store kyrkjerommet med den flotte stemma si, og folk storkosa seg.
Både lyset og lyden var svært god, ingenting å irritere seg over denne kvelden, berre nyte det år vi ein sjeldan gong får slike opplevingar her på indre. Heldigvis var det mange som visste å setje pris på det. |
|
|