Aarseth tok for ei tid sidan over etter Terje Devold som reiselivssjef i Ålesund.
Ho orienterte om destinasjonsselskapet og kva dei arbeider med. I alt er det 45.000 turistar innom turistkontoret i Ålesund kvar sommar. Dei er vertskap for turoperatørar, tek imot internasjonal presse, arbeider med marknadsføring, cruiseanløp og guideservice.
I tillegg til fleire kommunar på Sunnmøre er det 170 medlemsbedrifter.
Ho viste til at dei ikkje må gløyme bedriftsmarknaden, som er den høgst betalande gruppa og er med på å utvide sesongen i begge endar.
Framtidstankar
Aarseth kom med nokre framtidstankar, ikkje minst på bakgrunn av ein rapport utarbeidd av Børre Berglund. Rapporten fortel mellom anna at reiselivet ikkje har fått ut særleg mykje av det store potensialet som ligg i denne næringa. Det viser seg at alle tenkjer mest på seg sjølv.
Derfor er det viktig å setje fokus på marknadsfring, der ein tenkjer på turistane først. Det må vere samhandling på tvers, og servicetankegangen er viktig.
Turistane har høyrt om Ålesund og Geiranger. Vår rolle er å få dei til å vitje heile Sunnmøre. Hotella i Ålesund vil gjerne vite kvar dei skal sende dei turistane som leiger rom der. Derfor er det viktig å skape ein samhandlingsarena på tvers av kommunegrensene, sa Aarseth og la til at konkurrentane er stader som Praha og Island.
Ho viste til at dei reisande etterspør det som er unikt og nemnde døme som lokal mat, fiske, historie og næringsliv.
Korleis kan vi leggje til rette for å samarbeide, for å få turistane hit? spurde Aarseth.
Potensial
Turistane la igjen 80 milliardar kroner i Norge i 2005. Det vil seie at det er eit kjempepotensial for alle som er villig til å satse på reiseliv, sa Aarseth og hadde tru på at også i Stordal er det stort potensial. Dette kan vere med på å oppretthalde arbeidsplassar, skape nye og tiltrekkje seg fleire innbyggjarar.
Wenche Aarseth fekk ros fordi ho har skapt ein del optimisme ute i distriktskommunane.
Positiv
Wenche Aarseth sa at ho tok til i jobben for berre nokre få månader sidan, men har berre positive erfaringar med å samarbeide med aktørar i distriktet rundt Ålesund. Det er positivt for turistkontoret i Ålesund å ha nokon å kontakte når dei skal sende nokon innover til dømes til Stordal. Ho sa at der dei lykkast med satsinga på reiseliv, er stort sett der dei har eit forum eller eit reiselivsråd med aktive bidragsytarar og eldsjeler.
Dei som sit tilbakelent og ventar på at turistane skal kome og overlet alt til destinasjonsselskapet, får ikkje att det dei ønskjer, sa ho og viste til at problema i Sykkylven mellom anna har sin bakgrunn i ei slik haldning.
Derimot har dei fått det til i Giske på grunn av eit oppegåande reiselivsforum. Giske og Alnes er for aller første gong mest besøkt på grunn av at dei har jobba aktivt lokalt, ikkje minst med å sende informasjon til Ålesund.
Dei brukar oss som rådgjevarar på korleis dei bør gå fram, men dei må også jobbe med marknadsføring sjølve, sa ho.
Aarseth avslutta med å seie at i Stordal er det fantastisk mange flotte produkt som turistane etterspør og ho håpte å få med fleire medlemsbedrifter i tillegg til kommunen.
Ordførar i Ålesund, Arve Tonning, har kome med framlegg om å bruke Løvenvold Kino i Ålesund om sommaren, der ein kvar time viser ein 20 minutt lang film til å vise kva dei gjestande kan vere med på i heile distriktet. |
|
|