Rempro er i utgangspunktet ei lita bedrift med eit lite vareutval, men ting tyder på at dette kjem til å endre seg, seier Stein Inge Rem.
I starten produserte eg berre røyr og boltar, men no er det blitt mykje meir, seier han.
Nye kundar som skal ha nye produkt er blitt meir daglegdags. Etter at han tok over ein del verkty frå Vellonordic på Håhjem, kom kundane etter.
Det som var ein liten produksjon for dei, er stort for oss, kjem det smilande frå Stein Inge.
Vi er ei lita nisjebedrift som no har fått kundar som Møre Trafo, Noratell og ei finsk bedrift, som alle produserer transformatorar.
Bearbeiding
Og ikkje berre produserer han profilar, men dei vert bearbeidde også, med tilkapping, boring og fresing. Dette er noko som aukar lønnsemda og som gjer arbeidet meir variert. Det ser ut til at det å produsere korte seriar av spesielle produkt i dette materialet, er noko det blir meir av. Den spesielle eigenskapen til materialet er at det er isolerande og sterkt, og dette passar bedrifter som driv med straum og kraft godt.
Vekst
I haust har det vore ein tilsett, men mest har han sjølv tatt unna produksjonen.
Held det fram slik som det no ser ut til, må eg tilsette folk som kan hjelpe til, seier han.
Og må han det, må han ha meir plass. Utanfor det gamle handelslaget i Fjørå står det no ein kontainer. Her oppbevarer han ein del av verktyet i tillegg til ein del av det han produserer. Det blir for liten plass inne når utvalet aukar. Han har vore inne på tanken på å byggje nytt, men dette kan bli ein for stor risiko, så han håper det kan finnast ei anna løys ing. Han trivst ekstra godt i Fjørå, her er det kjekt å vere, seier han og her er mange kjekke folk.
Og så ringer telefonen
Det kjem ein del telefonar medan vi er der, og det er folk som vil ha pris.
Kor mykje hadde du tenkt? Faksar du måla og bestillinga, skal eg sende det i posten i dag? Oisann, nei vi skal greie det.
Og så må Stein Inge svinge seg rundt og oppfylle kundens krav, slik som ein ofte må i ei lita fleksibel bedrift. Praten vår er over, no er det posten som må rekkast innan nokre timar. |
|
|