Ragnhild Sollie Grønningsæter, som hadde vore med som instruktør, opna kabraten med ønskje om gode minne. Og så var dei i gang. Med over tjue innslag på programmet, måtte dei halde eit høgt tempo. Lyd og sceneskifte gjekk så det susa og her kunne ein ikkje merke at det var nervar til stades. Torgeir Nerhus las morosame tekstar og tekstar med alvor om Prøysen og batt ein del av innslaga saman. Musikkansvarleg Knut Ivar Bøe medverka sterkt og med stor tilpassingsevne. Salen på Røde Kors-huset var nesten full og publikum kosa seg.
Mange hattar
Kostymane var forseggjorde og eit hav av hattar fortalde om stort engasjement frå dei som var med. Dei likte seg på scena og det greide dei å vise. Songprestasjonane var gode utan at ein treng å framheve nokre få, så her kan dei berre det ta til seg, alle saman. Ein god illustrasjon vil vere «Husmannspolka» der song, kvin og velting av stolar fungerte kjempebra. Skulle ein kritisere noko var det kanskje litt langt heile programmet, med 22 nummer blir det i meste laget både for dei som skal framføre og lyttarane.
Mange i sving
Då kabareten var ferdig, var det mat og dans. Men først takka leiaren i Eidsdal og Norddal Røde Kors, Gjertrud Melchior, alle dei som hadde vore med og gjort dette til denne festkvelden. Det var lys- og lydansvarlege, scenearbeidarar og sminkeavdeling, i tillegg til alle dei på huset som styrte med det tekniske arrangementet og mat og greier. Og sjølve huset fungerer betre og betre. Blomster vart delt ut, nokre takka spesielt, og så vart maten servert. Og freske som dei er denne gjengen, så set dei opp denne forestillinga i Valldal om ikkje lenge. Det skal dei ha både respekt og ros for. |
|
|