-Vi er det beste pålegget i kulturnista, seier Torstein Hyl (Runar Gudnason), ein av dei to frontfigurane i Sidebrok, og det er nok mange som kan vere einige i det. Sidebrok er ei gruppe som kjem frå Hovdebygda, og dei er lokalpatriotar av beste sort. Dei rappar på syngjande synnatedialekt og har med element frå Ørsta og omegn i rappen.
Dei har tidlegare gitt ut ein cd og ein singel, og dei kjem med ny cd 6. februar som heiter ”Kar me kjøme frå”. Dei har oppnådd mykje i si relativt korte karriere, mellom anna kåra til ”Årets Urørt” av NRK Petre og Lydverket og ”Årets opptreden” på by:larm kåra av VG i 2004. Dei har også vore spelt på VG-lista Topp 20 med singelen ”1, 2, 3 fyre”.
Meir akustisk lyd
Torstein Hyl fortel at mykje av rappen deira har vore sjølvironi og ”mykje tulling”, men på den nye skiva er det eit par av låtane som har alvorleg tekst. Noko anna som er nytt med ”Kar me kjøme frå” er lydbiletet. Tidlegare har mange av beatsa vore laga på data, men no har dei blitt litt meir rocka med bruk av instrument i studio. Torstein Hyl seier at lyden på skiva er i stor grad Led Zeppelin-inspirert.
Coveret til ”Kar me kjøme frå” viser bilete av medlemmane i Sidebrok, og den andre frontfiguren, Bård ”Skatebård” Aasen Lødemel held ei glaskule med viktige Ørsta-ikon som Ivar Aasen-statuen, kyrkja, Essostasjonen og fly frå Hovdebygda. Dei har også med bilete av den nedlagde herrefrisøren ”Kosmetikk for menn” som Sidebrok har gjort kjend. Sjølv om medlemmene i Sidebrok ikkje har budd heime i Hovdebygda/Ørsta på over ti år, har dei ei sterk kjensle for staden, og har gjort han som hovudelement i rappen sin.
Konserten for elevane i Stordal
Det var ein gjeng med spente elevar som venta på at konserten skulle byrje. Mange av dei syntest nok at det var stort at eit slikt profilert ”rappeorkester” hadde tatt turen til Stordal. Publikum blei bergtatt frå fyrste stund, og dei to karismatiske frontfigurane Torstein Hyl og Skatebård hadde publikum i si hule hand heile konserten gjennom.
Tekstane kan nok til tider vere litt kontroversielle, men det meste er sagt med humor og ironi. Ein kan også spørje seg om korleis to så ”harry” typar som Torstein Hyl i sin brune dress og svarte pologenser og Skatebård i sin grilldress med Esso Ørsta cap kan bli så populære blant ungdom og også mange vaksne. Men når ein ser og høyrer dei så blir ein berre overtydd. Alt dei gjer er bare rett og slett kult. Dei rappar om ting som bygdefolk over heile Noreg kan kjenne seg att i, som til dømes fest på samfunnshuset og råning på den lokale bensinstasjonen. I tillegg har dei god flow på rappen, og beatsa er skiftande. Frå raskt og rocka til laid-back og chilled. Litt for ein kvar smak kan ein seie.
Lokale rappetalent på scena
Ei stund uti konserten legg Torstein Hyl seg ned på golvet. No er han nemleg sliten, og kunne trengt litt kvile. Derfor hentar han opp to av elevane som går i 9. klasse på scena, og heilt ”tilfeldig” så hadde desse førebudd ein rap som dei fekk lov til å rappe med musikk frå Sidebrok sitt band. Desse unge talenta var Daniel Vad og Jeanette Alne, og dei imponerte Torstein Hyl så mykje at han ville ha lappen med tekst som desse to hadde skrive for høvet.
I forkant var dei to 9. klassingane nervøse fordi dei skulle få helse på kjendisane Torstein Hyl og Skatebård, men etter at dei hadde treft dei, var dei mykje meir avslappa. Dei var veldig kjekke, sa Jeanette Alne. Ho har ingen konkrete planar om å bli rappar, ho vil helst spele trommer på musikklinja på Fagerlia. Daniel Vad har ikkje heller tenkt å slå inn på ei artistkarriere, det er dataingeniør han vil bli.
”Din likkje drit”
Då konserten var ferdig, fekk Sidebrok ståande applaus og så mykje trampeklapp at dei måtte inn igjen for å ta ein siste låt. Han heiter ”Din likkje drit” og er ein av dei nyaste. Videoen kan lastast ned gratis på Sidebrok sine offisielle heimesider. Der kan ein også legge inn kommentarar til Sidebrok i gjesteboka og snikhøyre på kutt frå den nye skiva.
Det var ei flott avslutning på ein særleg vellykka konsert, og publikum var også med og rappa på ”Din likkje drit”. Stordalselevane fekk ei konsertoppleving som dei kjem til å minnast i lang tid framover.
Litt Sidebrokvokabular
Sidebrok rappar på dialekt, og har altså med element frå lokalmiljøet sitt. Dei snakkar om kjøleskap frå Grepa og Ørsta Stål. I tillegg har dei ein del andre lokale uttrykk som ein kanskje må omsettje for å forstå:
Sidebrok = å ”sagge”
Ondebrellå = underbuksa
Svide = køyre bil, tilsynelatande utan mål
Vik (el Ørstavik) = Ørsta sentrum
Forbina = forundra
Kjekse = lekker dame
I tillegg gjer Sidebrok som mange andre norske rapparar, tar rappe-uttrykk frå engelsk og omset dei direkte til norsk:
Down with = nede med (vere kompis med)
Homeboy = heimegut (kompis)
Spytte som ein lama (spit betyr å rappe på engelsk) |
|
|