Valldal Auto-Maskin har i samarbeid med Remseth Maskin planar om å byggje ut og vidareutvikla drifta i begge bedriftene. No er det fleirtal i formannskapet for å gå inn for byggje- og deleforbod i påvente av ein reguleringsplan for dei nye planane på området.
No må vi vente til 27. februar då planutvalet skal gå for eller mot dette, seier Randi Tafjord i Valldal Auto-Maskin. Først skal saka opp i kommunestyret 16. februar, sidan er det planutvalet som skal gjere det endelege vedtaket.
Representantar for Valldal Auto-Maskin og Remseth Maskin var inviterte til å kome med sine synspunkt i formannskapsmøte.
Randi Tafjord opna med å takke for invitasjonen og poengterte at dei er positive og spente på ny utvikling på Grandane til beste for alle som driv næring og til gode for bygda. Ho sa at dei ville legge fram si sak i den konflikt dei gjennom media og uformelle kanalar har forstått at deira byggeplanar har skapt. Skal det vere mulig for dei, kan det ikkje leggast ned bygge- og deleforbod. Ho viser til at dei etter møtet har vore i kontakt både med Hydro Texaco og advokat.
Hitorikk
Jostein Tafjord gjekk gjennom etableringa og utviklinga av bedrifta Valldal Auto-Maskin. Første byggjesteg av bilverkstad og bensinstasjon var ferdig i januar 1979. Sidan har bedrifta utvikla seg med stadig nye produkt som skogsutstyr og traktorar og bedrifta står no trygt på fire bein med varierte, men likevel samanhengande forretningsområde. Dei har no lagt planar for utviding av butikken, med eigen Stihl-butikk, dei treng lager og nye sanitæranlegg. Kring årsskiftet 2003/2004 bestemte dei seg for å overlate forretningsområdet traktor til Remseth Maskin, som fekk avtale om å leige ein av verkstadhallane og uteareal på kort sikt. På eit uformelt møte med ordføraren presenterte dei planane for ei felles utvikling av dei to bedriftene, dei var optimistiske og stolte over å ha vore med på å skaffe nye arbeidsplassar i Norddal.
Remseth
Svein Martin Remseth Andersen orienterte om Remseth Maskin som vart starta som enkeltmannsforetak hausten 2002 med lokalisering i Ålesund. Dei gjekk inn ein avtale med Valldal Auto-Maskin og ein traktorimportør om å ta over traktoragenturet. Frå mai 2004 vart bedrifta fulltidsengasjement. Andersen og Stig Johnny Hoel flytta heim og gjekk saman inn i firmaet. Etter kvart har dei tilsett endå ein person, Stig Rune Grønmo.
Vi i denne bedrifta har ikkje bedt Norddal kommune om noko, vi har ikkje sett noko til nokon heller. Vi har valt å stå på eigne bein og prøve å drive ei bedrift i Norddal kommune i konkurranse med bedrifter som er både innarbeidde og har lokalisering i meir sentrale strok, sa Andersen.
Han la til at som ei følgje av den politiske leiinga i Norddal kommune stoppar planane deira om utbygging opp, og ei positiv utvikling for deira del snur seg til negativ.
Vi er opne for forhandlingar og forslag og vil tilpasse oss innafor rimeligheitas grenser, all utvikling av seriøs art i Norddal kommune er i utgangspunktet positiv, sa han og la til:
Vi håper no at vi ikkje blir nøydde til å leggje frå kai, å setje kursen tilbake til vårt forrige landfeste, men kan halde fram med jobben og folkeauken i Norddal kommune, det blir fort mykje grums i kjølvatnet etter at ein skal kaste frå på denne måten, sa han.
Informasjon
Randi Tafjord gjorde greie for korleis dei har opplevd kontakten med kommunen og ordføraren i denne saka.
Vi vil framleis påstå at det er vi som veit best korleis våre bedrifter og vår eigedom skal forvaltast og vidareførast og vi krev å bli respektert på det området. At andre har lagt langsiktige planar på våre fire dekar på Grandane er deira problem, men dei gløymde dessverre å informere oss. Vi har til fulle fått erfare at politikk er eit spel, noko politikarar i Norddal har fotalt meg gjennom mange år. Det finst mange spel, vi likar dei best der alle korta er lagt på bordet, sa ho.
Tafjord viste til at dei måndag hadde levert inn søknad om dispensasjon dersom det blir lagt ned byggje- og delforbod i området. Ved evenuelt avslag ventar dei ein tydeleg grunn og full informasjon om kva som blir venta av dei, slik at dei veit korleis dei skal forhalde seg vidare i prosessen. |
|
|