Bedrifta vart starta i 1972 og sidan den tid er det mange maskiner og anna som har forlate gardsplasen. I ein lang periode produserte dei traktormontert sag og kløyvar.
Det stod sager overalt, seier Karl Løseth.
I dag produserer dei ikkje lenger dette produktet. Marknaden for sagene sank i tillegg til at det kom nye krav som gjorde at dei slutta med den produksjonen. Dei har i dag ein liten produksjon på er gjødselmiksarar, noko dei har halde på med i godt over 20 år.
Konstruksjon av spesialmaskiner
Å bygge maskiner er noko dei har halde på med heile tida. Det er alltids nokon som skal ha noko ein ikkje kan plukke frå hyller som ferdigvare.
Det er eit kjekt og utfordrande arbeid, sjølv om det nokre gonger kan gå på helsa laus når ein går inn for oppgåva med liv og lyst. Når vi fekk slike oppdrag før i tiden, var maskina ferdig når ho var det. I dag er det mykje større tids- og prispress, men det er framleis interessant og utfordrande arbeid, seier Karl Løseth.
Saman med seg i verkstaden har han to tilsatte, Kjell Magne Hove har abeidd i verkstaden sidan 1980 og Jan Petter Kvammen har vore tilsett dei siste ti åra. Maskina dei no skal levere er stor og har mange små detaljar. Den skal kunne ta i mot, snu plater i 180 grader, sortere og køyre ut til ei ny maskin som skal ta seg av å lime respateksen rundt avrunda hjørne på laminerte benkeplater. Utfordringane har vore at maskina er stor og at det skal skje mykje på same området. Det kryr av fotoceller og brytarar, rullar og reimer. Dei lagar også dataprogrammet som skal styre det heile, slik at ting skjer i riktig rekkefølje og til rett tid. Maskina skulle ha vore levert i desse dagar, men når det kjem nye ting til og mål edrar seg undervegs, må ein ta tida til hjelp.
Og mjølkekyr
Karl Løset driv med mjølekyr i tillegg til verkstaden så det kan bli hektisk i høgsesongen. Når han ikkje konstruerer maskiner eller er i fjøset, er det rikeleg med reparasjonsarbeid for landbruk og industri som skal gjerast. Dei reiser også ut på staden og reparerer der. Verkstaden har heile tida vore på garden, og når ein bur midt i et landbruksområde og med møbelfabrikkane i Stordal like ved, må ein nesten rekna med at dei som beherskar det mekaniske har ein del å halde på med. |
|
|