– Skal det vere så vanskeleg?

Nede ved det idylliske Eidsvatnet er det ein tidlegare tipplass for stein. På arealplanen er det her teikna inn eit naust. På denne plassen vil Per André Rønneberg gjerne byggje ei hytte han og sambuaren kan bu i når dei no har tenkt å kome heim og satse på gardsdrifta på Eide.

15, februar 2006
Alfred Nilsen

I dag bur dei på Stranda, Per André Rønneberg jobbar på Fjordlaks og Märta Daggå på fabrikk, dei ynskjer å flytte til Eide der dei kan utfalde seg med sine idear, bidra i miljøet og nyte godt av dei godene ein kan få på landsbygda.

– Ei hytte kan ein raskt setje opp og det blir ein heilt annan kostnad enn om vi skal setje i gang å byggje eit hus. Dette seier Per André Rønneberg som er skuffa og oppgitt over forskjellsbehandlinga og den lite smidige måten dette blir handsama på. Statens Vegvesen og fylkeskommunen ville ikkje tilrå byggjing på denne plasssen, men det er opp til politikarane i kommune å avgjere og eventuelt gjere eit unntak, seier han.

Skuffa
Etter synfaring og møte i det faste utvalet for plansaker 28. november i fjor vart det gjort vedtak om å leggje denne reguleringsendringa ut til offentleg ettersyn i 30 dagar frå 10. november 2005. Dei fleste i grenda er positive og det er ingen som har klaga. Men i siste møte i det faste utvalet for plansaker var det fem som røysta i mot og to som røysta for. Det var kome to merknader, ein frå Statens vegvesen og ein frå fylkeskommunen.
– Dette er skuffande, og spesielt er eg skuffa over at dei lokale representantane i utvalet ikkje greier å sjå det positive i dette, seier Per André.

Kart og planar
– Ikkje langt frå dette området, framover i dalen, skal det snart byggast ei hytte. Dette er ei tomt som er seld av ein som var framsynt nok til å få det inn på planen den gongen, seier han. På den planen står det teikna inn eit naust og friluftsområde der han no ønskjer å byggje hytte.
Merknadane frå Statens vegvesen og Fylkeskommunen går på trafikktryggleik og tilgang til friluftsområdet og at det er ein nasjonal turistveg. Og begge meiner det ikkje er noko argument at han skal kome heim og ta over gardsdrifta.

Kva er estetisk
Gjennom heile sommaren står det som oftast ei par bubilar på denne plassen og mellom anna nyt utsikta. Kva gale er det at ein som har lyst til å flytte heim kan nyte dei godene som fins her ved Eidsvatnet, stå opp ein sommarmorgon og ta seg ein kopp kaffi og nyte same utsikta, undrar Per André.
–Og skulle mitt forsøk på å drive landbruk mislykkast, er alt det gale som har skjedd at garden har fått ei flott hytte ved vatnet som familien kan nytte eller ein kan ha det som attåtnæring. Ynskjer ein ikkje folk tilbake og skal ein ikkje satse på det garden kan gi? Eg vil flytte heim fordi eg vil nyte dei godene som fins her, legg han til.