Lyd er livet

Den viktigaste forskjellen på ein god og ein dårleg konsert er lydmannen, skal ein kjend artist ha uttalt. Det kan nok sikkert diskuterast, men at han har eit stort ansvar er sikkert. Samtidig er han ein av dei som gjerne får merksemd berre når noko går gale

15, februar 2006
Knut Hvalstad

Jan Roger Hauge trivst med lyd.

Det siste ser ikkje ut til å bety noko for Jan Roger Hauge frå Stordal. 16-åringen har allereie i mange år visst at om han fekk til å leve av å jobbe med lyd, då skulle han gjere det.
Sidan han fekk sleppe til på lydanlegget i Stordalshallen som 12-13-åring har det knapt vore noko arrangement i dalen, der det krevst lydanlegg, utan at han har vore å finne anten bak spakane på ein miksepult eller som riggar av teknisk utstyr.
At det kan vere tid til mykje anna i kvardagen er vanskeleg å skjøne når ein ser på vekeprogrammet hans. Fem dagar i veka på Borgund videregåande skole, elektro-linja sjølvsagt, ettermiddagsjobb hos eit lydfirma i byen, lydansvarleg for ungdomskoret Respons på Emblem, barnekoret og blandakoret Tonica heime i Stordal, der han også hjelper både skulekorpset og hornmusikken med lyd. Når han vidare fortel at han brukar mykje tid på musikkverkstaden ved ungdomsklubben og dessutan jobbar på kinoen ein gong i månaden, kan ein lure på når han får tida til det han seier han aller helst likar å gjere, nemleg å ligge på fjorden i snekka og fiske.
– Det blir alltids tid til det, men mest om sommaren då.
– Kvar blir det plass til kjærast i livet ditt?
– Hmf..he, nei, det får vente.
– Du pendlar til og frå byen kvar dag. Er det ikkje i byen det skjer for ein 16-åring?
– Eg synest det skjer mykje nok heime. Det kunne sjølvsagt ha vore enda meir, men det er sjeldan eg kjedar meg.
– Stordal er ein bra plass å vekse opp, med andre ord?
– Ja, det synest eg. Får eg til å jobbe med det eg vil og samstundes bu her, ja, då kjem eg til å gjere det.
– Kva gjer du etter den videregåande skulen?
– Då vil eg prøve å få meg praksisplass i Ålesund, og så prøve å kome meg inn på Nordisk institutt for lyd og lys.
– Kva er ditt største ønskje?
– Eige lydanlegg, eg jobbar for det.
– Fem ting du ikkje greier deg utan?
– Mobilen, PC-en, musikk, nøklane, pengar.
– Kor mange gongar rakk du å stemme på Maria sist onsdag?
– Fire gongar, fleire greide eg ikkje, det vart utruleg spennande.
– Kva gjer du om ti år?
– Det veit eg ikkje, forhåpentleg jobbar eg som profesjonell lydteknikar.