Fin fest for nytt trekk

Det var stor markering på Overøye sist laurdag. Det nye T-trekket med nytt lysanlegg vart teke i bruk.

22, februar 2006
Randi Flø

Veteranane Peder J. Hove og John Hove fekk æra av å køyre først i det nye T-trekket.

Mykje folk hadde møtt fram til markeringa av at anlegget på Overøye har vorte endå meir moderne.

Underhaldning
Stordal sin Idol-deltakar, Maria Holand Tøsse, stilte velvillig opp og song på terassen ved varmestova og varma opp publikum før sjølve opninga.
Det vart også trekt ein sykkel, som P. Øie lodda ut mellom dei som melde seg som stemmegjevarar då Maria deltok i Idol. Den heldige vinnaren vart Mariann Sylte Innselset.
Stordal Hornmusikklag var på plass og spelte før Harry Tøsse fekk ordet og ga eit oversyn over historia til anlegget på Overøye og retta takk til mange.

Attraktivt
Tøsse kunne ønske velkomne til opninga av det som for tre år sidan var på veg mot sin andre konkurs, men som i dag står fram som eit av fylkets mest attraktive anlegg.
Stordal Alpinsenter er midt i sin 36. skisesong. Sjølv etter ei omfattande utbygging vil skisenteret framstå som eit fellesskap med eit fundament bygd på ei sterk dugnadsånd som bygda Stordal elles er vide kjend for.
17. april i fjor vedtok styret i Stordal Alpinsenter å gje mandat til Gunnar Bratland og Olai Nakken om å arbeide for å få etablert eit driftsselskap snarast råd med målsetting byggestart i løpet av 2005. Ti månader seinare kunne eit fullt utbygd anlegg opnast. I mellomtida vart Arena Oerøye AS etablert med ein aksjekapital på over 1,6 millionar kroner. Stordal kommune ytte garanti for låneopptak for åtte millionar kroner. Prosjektet er førehandsgodkjent for spelemidlar, noko det er søkt om.

Alf
Tøsse sa at ei slik utbgging ikkje kunne ha vore mulig utan positive grunneigarar, Alf Overøeye med familie er ein slik ein. Alf Overøye har vore driftsansvarleg for Stordal Alpinsenter i 25 år, før han i fjor haust ba om avløysing. Han fekk stor takk for den store innsatsen han har lagt ned.
Også Olai Nakken og Gunnar Bratland fekk rosande ord. Tøsse samanlikna dei med Ulstein X-Bow, som Ulstein Verft fekk designpris for. Olai er som baugen, med si runde form og eigenskap bryt han effektivt bølgjene og legg sjøen stilt igjen bak seg. Gunnar er propellen, han ligg bak og gir ei enorm framdrift og drivkraft.

Eldsjeler
Tøsse trekte heilt tilbake til 30-talet. Då Stordal vart rekna som alpinsportens vogge her på Sunnmøre. Det heile starta med at Arne Lianes hadde skaffa seg ei instruksjonsbok som viste svingteknikkar. Saman med Ludvik Seljehaug og Karl Støle reiste dei rundt på skirenn og gjorde som regel reint bord der dei kom. I Stordal vart første slalåmrennet avvikla i 1939 i Jassvollbotnen. Fleire hundre tilskodarar vart vitne til at Arne Lianes vann dette rennet.
Tøsse sa at dei har mykje å takke alle eldsjelene for, og for at dei har fått lov til å arve det sterke pågangsmotet og viljen denne generasjonen planta på Overøye. Fleire av desse er dessverre gått bort. Han var glad for å kunne ha med seg fem flotte representantar frå første generasjon utbyggjarar på opningsdagen til det nye anlegget: Peder J. Hove, John Hove, Einar J. Hove, Alf Overøye og Karl Øvrebust. Desse fem karane fekk kvar sine roller under den offisielle opninga av lysanlegget og t-trekket.
Tøsse gjekk også gjennom den nyare historikken, og det var mange som fekk takk for at anlegget har vorte så moderne og flott.
Ein glad styreleiar Kaj Westre fekk ordet. Han oppmoda folk om å bruke trekket og lova endå fleire nye tilbod etter kvart som økonomien tillet det.

Stilfullt
Etter orda vart det ei stilfull markering. Alle lysa vart slekte. Nedover bakken kom ei rekkje unge alpinistar med kvar sin fakkel i handa. Så kunne dei slå på det nye lysanlegget. Sidan var det ei flott oppvising av fyrverkeri oppe i bakken. Alf Overøye fekk æra av å trykkje på knappen som startar det nye t-trekket. John Hove og Peder Hove fekk æra av å køyre det nye trekket først.