|
Heggurdaksla blir overvaka
|
|
|
 |
|
Sist veke var folk frå IKT System Partner AS i Fjørå og gjorde seg ferdige med overvakingssystemet som skal overvake Heggurdsaksla. |
|
|
|

22, februar 2006 Alfred Nilsen
|
|
No er alt utsyret på plass og alle data blir overført til hovudkontoret på Rygge. Frå venstre Christian Sveli, André Skottene og Rune Gundersen.
|
|
|
Arbeidet starta i oktober 2003, i fjor haust var dei oppe på aksla og monterte det utstyret som skulle på plass der. No har dei utvikla og laga ferdig radarane og programvaren som skal til. Nede i Fjørå er det no montert to radarar som er sett opp mot dei fire reflektorane på to forskjellige stader oppe i fjellet. I tillegg til reflektorene er det montert eit akselerometer opp på fjellet som skal overvake vibrasjonar. Dette har eigen straum frå solcellepanel og vindmølle og sender aktivt signal ned til Fjørå.
Ikkje maken
Denne avanserte bakkeovervakinga fins det ikkje maken til. Her kan ein måle forflytting på 0,1 mm. Dataene frå akselerometeret og radar blir sendt vidare til Rygge og blir overvaka der. Dei har sett opp eit lite webkamera for å kunne sjå korleis ver det er og om det fins ytre påverknadar som kan gjere utslag på utstyret, slik som sol og regn.
No må vi lære oss fjellet å kjenne og bli van med måten det beveger seg på, seier Rune Gundersen i IKT System Partner AS.
Når noko skjer
Når noko stort er på gang, vil dette bli registrert og dei rette folka vil få melding på SMS og e-post. Når dei kjenner fjellet sine bevegelsar, veit dei også når det trengs varsling for evakuering. Dei skal ikkje rope ulv for mange gongar før folk ikkje reagarer. Men no er altså overvakinga på plass inne i Fjørå og folk kan kjenne seg trygge på at skjer det noko stort, får ein beskjed. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|