Strålande frå start til mål

Ei strålande helg med strålande plasseringar var resultatet av Stordal Alpin sitt Alpin landscup-arrangement i aldersgruppa 12-13 år på Overøye. Erika Holand Tøsse fekk gullmedalje i slalåm, sølv i storslalåm og ein åttande plass i Super-G. Adrian Nakken fekk ei sølvmedalje i Super-G fredag og saman med Vegard Busengdal gjorde han det bra i storslalåm laurdag. Sistnemnde kom på ein flott fjerdeplass i slalåm søndag.

Gull i slalåm og sølv i storslalåm, Erika Holand Tøsse glad og nøgd.

Allereie fredag tok Stordal medalje, då var det Adrian Nakken som fekk sølvmedalje i Super-G. Og med det flotte veret og alle dei løpa som var igjen, såg dette svært lovande ut for dei lokale løparane. Mange hadde tatt turen fram på Overøye laurdag. Parkeringsplassen var full og blide menneske kunne ein sjå overalt. Det var litt av eit apparat som var sett i sving, stordalingane hadde også fått hjelp av andre alpingrupper i nærområdet til å gjennomføre arrangementet.

Overbegeistra
Tilreisande som Storfjordnytt snakka med denne dagen var overbegeistra over arrangementet. Overnattinga på Hurtigruta, det proffe opplegget og ikkje minst veret sette dei stor pris på. Og det er eit flott anlegg dei har fått til på Overøye og det er eit flott område. Mange nytta også høvet til å spenne på seg langrennskia for å ta turen inn til Langsætrane og vidare derifrå. Men det var i bakken det skjedde denne dagen. Musikk strøymde ut over plassen, folk kosa seg i sola med mat og kaffi og det var like før den andre omgangen i storslalåm skulle starte.
Erika Holand Tøsse låg på ein andreplass etter første omgang og ein kunne merke det snart skulle skje noko. Vegard Busengdal og Adrian Nakken låg på åttande og niandeplass etter første omgang. Og så var dei i gang med andre omgang. Merksemda var retta mot bakken og speakeren skravla for harde livet og tillet seg å vere patriotisk på Stordal sine vegner. Den nest siste i den sida gruppa var Erika og då ho køyrde i mål, var det opp til jenta frå Bærum. Og ho innfridde og kom i mål 70 hundredelar før Erika. Ho skulle gjerne kome først i mål og var litt skuffa, men også strålande fornøgd med andreplassen.

Så ei lita pause
Det tok ikkje lange tida før gutane skulle starte, akkurat slik at ein fekk kjøpt seg ein kaffi, laga eit kremmarhus i snøen og funne seg ei god plass. Speakeren var i gang igjen og alles blikk retta oppover. Dei to best plasserte gutane til Stordal køyrde seg litt ned frå første omgang og kom til slutt på ein tiande og 14. plass. Men sjølv om no renna var over, så heldt folk seg på plassen og fortsette å kose seg i sola. Utpå kvelden var det fakkeltog frå Stordal sentrum til Stordalshallen der det var premieutdeling.

Gull
Søndagen var den dagen alt skulle klaffe for Erika Holand Tøsse. I si spesialgrein gjekk ho heilt til topps og er den beste slalåmkøyraren i si klasse i heile landet. Ein dag utan det strålande veret, men med eit strålande resultat. Vegard Busengdal var berre ni hundredelar unna ein plass på pallen. Premieutdelinga denne dagen var i bakken og då den var over, reiste deltakarane heim. Og så var det alt det andre som skulle gjerast, men det også går lettare når ein har hatt eit slikt flott arrangement og med slike prestasjonar av dei lokale løparane. Ein kan vel berre takke alle dei som har bidratt med dugnadsinnsats i Stordals-samfunnet denne helga og la vere å spørje om dei vil stille på nytt til alt har roa seg.

08. mars 2006
Alfred Nilsen