Hos Ottar Storheim på Storheim i Stordal har hjortane somet høy saman med hestane vorte meir som ein attraksjon. Mange stoppar for å få sjå hjort på nært hald.
Ottar fortell at den skarale kalven åt litt høy etter at han hadde hatt inn att hestane. Neste dag kom han att saman med ein annan kalv. Sidan har det kome fleire og fleire hjortar, han har talt opp i 31 på ein gong.
Til å begynne med prøvde hestane å jage bort hjortane, men dei kom tilbake. No ser det ut som hjortedyra kjenner seg tryggare ved at hestane er der.
Storheim synest nok det kan verte i meste laget med hjort. Han har tre isandshestar, mora dottera og eit hesteføl, som han eigentleg har høy til.
Samstundes er det litt fint å ha dei flotte dyra innpå marka. Ottar kan kome ganske nær dei når han pratar til dei. |
|
|