Sterkt lokalt engasjement

Måndag 20. mars vert Valldal utvikling skipa som ein enkel interesseorganisa- sjon. Ei valnemnd er sett ned for å finne personar som kan veljast til eit styre på fem personar.

11. mars 2006
Randi Flø

Frå gruppearbeidet.

Det vart resultatet etter eit møte som vart halde i Valldal torsdag førre veke.
Bakgrunnen er at på eit møte i Valldal bygdeutval 19. januar vart det sett ned eit interimsstyre på sju personar som skulle arbeide med dette som føremål. Dei hadde gjort eit grundig arbeid på førehand.

Valldalen.no
Dei hadde laga ein del målsettingar for ein slik organisasjon. Mellom anna skal Valldal i framtida vere profilert som bygda og reisemålet med eit aktiv og triveleg nærmiljø og den sjølvsagde base for trivsel, rekreasjon og oppleving.
Kåre Erstad innleidde om bakgrunnen for møtet og sa at dei sju har jobba godt i lag. Han sa at det er viktig å kome i gang med eit bygdeutviklingslag i Valldal, dei andre bygdene i kommunen har fått det til.
Det er også eit ønskje om engasjement frå flest mulig sjølvstendig næringsdrivande og folk generelt om å skape entusiasme i bygda. Dei ser føre seg at det også er mulig å trekkje inn lag og organisasjonar og knyte kontaktar med dei andre utviklingslaga.
Ei viktig oppgåve er å marknadsføre Valldal spesielt då dette har vore forsømt dei siste åra. I tillegg ser dei føre seg å lage ei enkel heimeside under domenet Valldalen.no, med muligheiter til å bygge på. I utgangspunktet skal denne vere enkel og billig med lenker til bedriftene.
Dei vil gjere dei ulike aktivitetane i bygda meir kjende utover.
– Vi kjem med ein del utspel, men vi vil ha diskusjon og engasjement, noko å byggje vidare på, sa Erstad.

Petter storblåsar
Petter Melchior frå The Happy End i Norddal var invitert for å fortelje litt om korleis dei har arbeidd fram sitt uviklingsselskap. Han viste ein DVD både om korleis det starta og korleis det har gått. The Happpy End er ein næringsorganisasjon, der det er bedrifter som er med.
– Vi har utruleg mykje som mange er interesserte i, slik er det i alle bygder. Om vi er interesserte, kan vi gjere noko med det, sa Melchior og la til at føremålet med deira organisasjon er å skape aktivtet og arbeidsplassar i bygda. Han understreka at det er viktig å vere interessert i det som skjer der du bur.
Melchior snakka om bygdehjartet, når det bankar får du entreprenøskap. Når folk i bygda vil noko, skaper dei utvikling. I staden for at det kjem nokon utanfrå som fortel korleis dei skal gjere det. Etterpå reiser dei med både kunnskapen og pengane. Det er viktig at det er lokale ressursar som ligg i botnen, då tenkjer ein på bygda si først.

Maktkamp
På spørsmål om dei er med i reiselivslaget svarte Melchior at han hadde meir tru på at kvar bygd har sitt eige lag som er med i Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen (DGT). Han meinte det er ingen grunn til å leggje opp til ein maktkamp, Norddal vil aldri vinne over Geiranger. Bedriftene i Geiranger betaler mykje meir inn i DGT enn bedriftene i Norddal.
– Bedriftene i Geiranger har vist stor velvilje, dei marknadsfører oss og brukar produkta våre. Det er mykje å vinne på å samarbeide med Geiranger, sa Melchior.

Organisering
Gerd Myren Hoel var invitert til å fortelje om ulike måtar å organisere eit utviklingslag på. Ho ville helst sjå bort frå aksjeselskap og ANS og hadde heller tru på det som kan vekse nedanfrå. Etter hennar meining er det to aktuelle organisasjonsformer. Det er BA, som eit samvirkeselskap, der kvar einskild er ansvarleg for sitt inskot, det er fleksibelt og vedtektene er selskapet si lov. Den andre forma er å skipe laget som ei foreining eller eit lag, det er enkelt å opprette og enkelt å endre.

Gruppearbeid
Dei frammøtte delte seg i grupper der dei for det første skulle diskutere om det er behov for å danne Valldal utvikling, noko det var stor semje om. Folk var mest opptekne av å lage ein enkel organisasjon for å få med flest mulig.
Eit anna punkt dei skulle diskutere, var korleis eit slikt lag skal prioritere arbeidsoppgåvene. Mange tok til orde for at det er viktig å påverke innbyggjarane til å forstå at vi alle er avhengige av kvarandre. Ei viktig oppgåve blir å profilere Valldal i regionen og utnytte det positive omdømmet. Å snu negativ utvikling og innstilling vart nemnd som ei viktig oppgåve.
Fleire sa at gjennom eit slikt lag blir det lettare å marknadsføre bygda, å gjere kvarandre gode gjennom samarbeid.

Reiselivslaget
Mange på møtet tok til orde for at når ein har utviklingsselskap i alle bygdene, kan desse på mange måtar ta over dei oppgåvene reiselivslaget har. Det vart også stilt spørsmål ved kva som skjer med reiselivslaget, om det blir oppløyst. Konklusjonen var at det er eit spørsmål som medlemmene i reiselivslaget må ta på årsmøtet som skal vere 30. mars.