Mest folk kom det frå bygda så klart, men stadig fleire frå nabobygdene og andre med tilknyting til Stordal vil ha med seg denne årlege tradisjonen.
Prisar
Ein slik kveld høver også godt til utdeling av prisar og utmerkingar. I samband med at stordalingane vann fylkesprisen på 100.000 kroner for beste trimkommune i fjor valde ein denne kvelden å påskjønne dei ivrigaste med å be dei opp på scena for utdeling av t-skjorter, blomster og diplom. Den aller sprekaste av trimmarane i fjor var Arna Åsen som med sine 445 registreringar var i ei klasse for seg sjølv og om ein reknar snitt på dette, så utgjer det nærare tre turmål per dag i 153 dagar.
Utdelinga av Pedroprisen var det Vigdis Hove Øie som stod for. Ho overrekte ein sjekk på 10.000 kroner til Stordal båtlag, og det var leiar Bjørn Johnny Græsmo som tok imot.
Kulturstipendet til søskenparet Stavseng skulle eigentleg også overrekkast denne kvelden, men då dei ikkje hadde høve til å møte, vert dette gjort ved eit seinare høve.
Opna med song
Med ein song opna så dei som sto for årets underhaldning, Hovslia, kveldens underhaldning, og med habile vokalister på laget blei både opnings- og avslutningssongen kraftfull og flott, også reint musikalsk sett.
Første sketsj slo verkelig an tonen med ei scene henta frå ein utestad der dialogen var bytt ut med det ein vel må kalla lydmalande ord samstundes som ei stemme kommenterte hendinga som eit typisk paringsritual for homo sapiens. Eit svært godt nummer som kunne vore henta frå ei profesjonell scene.
På storskjerm fekk ein så sjå; Hovslia - the movie, forskjellige filmsnuttar frå bustadfeltet Hovslia på godt og vondt med alt frå den lokale MC-klubben med «wannabes» til meir lyskye gjeremål i kjellarane.
Frå bygdas treningssenter fekk vi møte to kvinnelege representantar som ikkje berre var opptatt av sine eigne kilo, men også vennina sine når ho ikkje var til stades. Forventningane deira til den nye trenaren blei ikkje heilt som dei hadde håpa når varaordførar Falch entra scena i singlet og shorts.
Nederlenderar har sett sitt preg på bygda dei seinare åra og det at ein har eit eige firma i dalen som jobbar med å få fleire av dei til norske bygder, vart det gjort eit artig nummer av. I innslaget Import Winkel Voor Nederlanders fekk vi sjå korleis ein kjøper ein nederlendar, med pris etter kroppsstorleik, alder og liknande, eit nummer som ikkje minst fall i smak hos det nederlandske publikummet.
Turisme
Med varierte innslag som turistverten som slit med å ha berre Rosekyrkja å tilby når turisten er av den meir rocka typen, og gamlekarane som overgjekk kvarandre kor hardt livet var i gamle dagar greidde aktørane å halde ei lattermild stemning hos publikum gjennom meir enn to timar.
Med det profesjonelle tekniske utstyret ein har å hjelpe seg med i tillegg til ei slik genuin speleglede kan ein til tider tru at ein er ein heilt annan stad enn i ei lita bygd med sine 1.000 innbyggjarar.
Neste år er det Øvrebust som har ansvaret for det som også blir eit ti-års jubileum for årsfestane, ikkje noko lita utfordring for grenda det skulle ein tru. |
|
|