Oslo: Gjennom 15 år har Mette Katrine Kaldhussæter bygd opp sine eigne varemerke i mote- bransjen. Ho teiknar og skaper moteklede for kvinner, og kleda vert selde i nær 80 butikkar rundt om i heile Norge. Kleda blir produserte rundt om i verda, og valldalingen er stadig på reisefot for å besøke produsentar, motemesser eller for å hente inntrykk frå folk i storbygatene.
Eg skaper klede for kvinner frå rundt 25 år og oppover. Min design har ein klassisk touch, er feminint typete og gjerne med maskuline stoff. Det skal ikkje vere sukkersøtt, heller litt androgynt, fortel ho.
Ho er glad i kontrastar og trykk og mønster med eit gamaldags preg, og avslører litt frå ideane om sommarkolleksjonen for neste år.
Eg er veldig glad i eit bilete av bestemor teke på Øvstestølen i Valldal då ho var ung. Ho har på seg ein flott kjole i jordtonar. Det har inspirert meg til å lage eit ”bestemors sommar”-tema for neste sommar.
Teiknar alt sjølv
Mette er glad i gamle klede og går gjerne på byen i bestefaren si gamle skinnjakke. Men ho har nesten overraska seg sjølv med å hamne i motebransjen.
Eg var aldri oppteken av motar. Som ungdom var eg heller litt freaka og gjekk gjerne med gamle, brukte klede som eg fann. Men eg var alltid bevisst på klede og kva eg hadde på meg, fortel ho.
Heilt sidan ho var ung jente har ho hatt eit klart mål om å kome seg ut i den store verda. Moteyrket har til gagns gjort dette mogleg for henne. No har ho rundt 60 reisedøgn i året, der turane ofte går til Hong Kong, India, Kina, Frankrike, Italia eller Portugal, der ho har fabrikkar som syr for seg. Det er under desse utanlandsreisene at ho gjer det meste av designteikninga av nye kolleksjonar også. Ho er mest kreativ når ho er nær produsentane og når ho kan hente inspirasjon og får arbeidsro langt vekk frå kontoret i Oslo. Ho står for all design heilt på eiga hand, og innrømmer at arbeidstempoet og intensiteten i bransjen er voldsom. Ideane og produkta skal til ei kvar tid passe trendane og det kundane vil ha. Det er raske svingingar, og ein må følgje med, helst ligge i førekant.
Inspirasjonar frå utlandet
Då gjer det godt å av og til reise til ein storby berre for å hente idear.
Eg drar til Bologna og Firenze om nokre dagar. Der kan eg nesten stirre meg i hel, ler ho.
Italienarane er ekspertar på å kle seg flott og elegant, og det er inspirerande å sitje på kafe eller gå i gatene og sjå på folk eller å gå inn i klesbutikkane, held ho fram og gir samtidig eit lite spark til norske kvinner.
Vi må pynte oss meir, både for oss sjølve og for andre. Vi må bli flinkare til å velje klede etter god smak, rette fargetonar og passform. Vaksne damer kan lett bli litt meir typete og elegante, seier ho, og meiner også at tilsette i norske klesbutikkar burde vere flinkare til å hjelpe kundane sine.
Mette tek med seg detaljar heim frå alle verdshjørne. Ho er stadig på besøk i byar som London, Paris og Milano.
Vi har ein liten tekstilkunnskap her i Norge, og vi nordmenn har heller ikkje ein kultur for å kle oss, slik som dei har i til dømes sørlege delar av Europa.
Tidleg inn i bransjen
Mette fekk raskt ansvar og lærte mykje i BikBok då ho begynte å arbeide der kort tid etter ho var ferdig med gymnaset på Stranda.
Berre 25 år gamal begynte ho i Vavite-kjeden og fekk vere med på å utvikle kolleksjonen der. Ho vart mellom anna send til Hong Kong for å teikne klede for unge damer. Ho arbeidde døgnet rundt i fleire år, lærte mykje og fekk oppleve endå meir. Men etter ei tid gjekk det utover helsa, og det sa stopp. Ho måtte ha ei pause, og brukte tida på å finne ut av kva ho ville gjere vidare. Kunnskapen og erfaringane frå både forretningslivet og design- og motebransjen ville ho halde fram med. Ho lånte pengar og satsa friskt på eit eige firma. Det har ho ikkje angra på, og verksemda har i dag ein omsetnad på nær ti millionar kroner.
Kleskolleksjonen hennar for klassiske klede og drakter heiter Scarlett, og ligg i ein prisklasse som passar dei fleste kvinner. Jeans og dei litt meir kule og trendy modellane for yngre har det valldalske namnet Katrin Uri.
Då eg skulle skape eit nytt varemerke, fekk eg eit råd om å gjere det personleg. Mette Kaldhussæter vart litt vel personleg syntest eg, så eg tenkte på familienamnet til mor mi, som er Uri. Slik vart det Katrin Uri, fortel ho med entusiasme.
Pris for inspirasjon
Sjølv om Mette har stor utfartstrang, må ho også tilbake til Valldal, helst to gongar i året. Der bur foreldra Kirsten og Bjarne. På Skodje har ho også søstra Ragnhild med familie.
Eg hentar inspirasjon også frå Sunnmøre. Og når eg er heime, elskar eg å rote rundt på mørkeloftet etter gamle klede. Eg tilrår også ofte mine forretningskontaktar å leggje feriar til sunnmørstraktene, seier ho. Landstedet sitt ved Sandefjord har ho også gjort om til arbeidsplass. Der er ho mellom mai og august.
Også dottera Stephanie arbeider i firmaet, Scarlett Studio Design as. Stephanie er modell og også mykje på farta rundt om i verda. Nyleg var ho i India med bladet Kvinner&Klær, som førte til at ho er på bladet si framside denne veka. Ho er modell i alle katalogane til mor si.
På kvinnedagen 8. mars fekk Mette pris for arbeidet sitt. Bladet Flair Business Magazine fokuserer på kvinner som kan og får det til i forretningslivet og kåra Mette til Årets inspirator.
Det var veldig kjekt å få ei slik utmerking. Det går bra for firmaet mitt no, og eg finn stor glede i å utvikle meg sjølv og firmaet kvar dag. Men pengar og overskot har aldri vore det største målet mitt. Eg tenkjer på å lage fine klede som folk vil kjenne seg glade og vel i. Det blir mykje hardt arbeid, men eg søkjer etter både det etiske, estetiske og meiningsfulle i det eg gjer, avsluttar gründeren og valldalingen Mette Katrine Kaldhussæter. |
|
|