Konsert med Foxy

På det regionale kulturhuset på Stranda var det konsert med Foxy onsdag i førre veke. Gruppa består av psykisk utviklingshemma frå Stranda, Sunnylven og Norddal. Og saman med gode hjelparar laga dei ei førestilling i kulturhuset som vart noko spesielt for mange.

29. mars 2006
Alfred Nilsen

Merete Hauge hadde eit gnistrande danseshow med hjelp av Espen Heggen, Hemming D. Dalen og Svein Vidar Normann.

Det var spesielt inviterte som kunne kome på kulturhuset på Stranda og oppleve musikkglede av dei fem musikantane. Kvar onsdag møtast dei til øving i kulturskulesamarbeidet mellom kommunane Stranda og Norddal for elevar med særskilde behov. Dette er inspirerande og aktive 90 minutt, seier musikkskulelærar Turid Skogly. Då øver vi inn songar og lagar repertoar og så lagar vi oss eit mål, lik denne konserten, legg ho til. Vi øver på songar og songleikar, men terpar ikkje så lenge at elevane går lei, vi finn då heller fram nye songar som dei likar.

Konserten
Mange hadde møtt fram og musikkskuleelevane var godt førebudde og nokre litt nervøse. Men etter kvart som konserten gjekk var kontakten god og spelegleda tydeleg tilstades. Det var songar av kjende norske og ein og annan engelsk. Og det var ikkje berre song, det var diktlesing, dans og innøvde bevegelsar til songane. Responsen frå publikum var god og det var latter og kommentarar frå scena. Eit ekstranummer måtte til og ordføraren på Stranda, Frank Sve, kom på vitjing og lovprisa dei inspirerte sjelene. Dei tilsette ved Asvo-produkter, som driv med arbeidstrening på Stranda stod for svele og kakebaking i tillegg til saft som alle kose seg med etter konserten.