Smakebitar frå indre fjordstrok

Ost frå Nederland, mørkrull frå Geiranger og geitelår frå Dalsbygda.

29. mars 2006
Randi Flø

Terje Fagermo er første verdsarvkunstnaren.

Det var nokre av dei etande smakebitane folk fekk prøve på utstillingsplassen til Geiranger Trollstigen under messa Aktiv Fritid i Ålesund sist helg. Og dei hadde fått seg ein strategisk plass rett ved inngangsdøra. Det strøymde på med folk heilt frå morgonen av laurdag.
– Det er første gong vi er på denne messa, seier Joze Kous, som saman med mannen driv Solvang Camping i Eidsdal. Dei hadde med seg ein smakebit av nederlandsk ost og folk ville gjerne smake. Dei har drive Solvang Camping sidan mai i fjor og dette var såleis den første messa dei var med på. Saman med dei var også folk frå Tafjord Camping og båthamn.
I området var også Valldal Naturopplevingar som vekte interesse med både kano og ski og tilbod om ulike aktvitetar. Og fleire av reiselivsbedriftene frå indre Storfjord var med
Mat er tydelegvis lurt å spandere på folk. Kirsti Indreeide Dale frå Petrines hadde si fulle hyre med å skjere opp skiver frå eit marinert og steikt geitelår. Det gjekk unna.

Verdsarvkunstnar
Laurdag var det presentasjon av årets verdsarvkunstnar, som er Terje Fagermo frå Ålesund. Rita Bersås Maraak frå Fjordsenteret i Geiranger sa at dei var stolte av å ha han som kunstnar i år. Han har laga fem bilde som skal vere utstilte i Fjordsenteret i år.
Kjell Skorgevik presenterte både mannen og kunstnaren Terje Fagermo. Han syntest det var lurt å velje ein av veteranane i kunstnarmiljøet på Sunnmøre som årets og den første verdsarvkunstnaren. Skorgevik las utdrag frå ei bok om Terje Fagermo, der han var karakterisert som fargerik og rappkjefta. Han har sin eigen stil og tiltrekkjer seg merksemd med sin uhøgtidlege veremåte. Med den velkjende tyrolerhatten med fjør og pins er han god å kjenne att i gatebildet.
Fagermo har gått sin eigen kunsteriske veg, han er allsidig og uforutsigbar.
– Men kunsten hans er altfor lite kjend, men det er fordi han kvir seg for å stille ut, sa Skorgevik og la til at Fagermo har hatt berre fem separatutstillingar på 50 år.
Den siste separatutstillinga han hadde var i 2003, og det var nettopp på Fjordsenteret i Geiranger.
Fagermo har eit spesielt forhold til Geiranger, som kunstnar brukar han mykje fjord og fjell som hovudmotiv. Dei fem trykka han har laga som verdsarvkunstnar er uttrykk for ulike stilretningar.