|
Musikalsk påskevandring på bedehuset
|
|
|
 |
|
Stordal Barnekor, Stordalskvartetten og Tonika inviterte torsdag 30. mars til ei markering av at påska står for døra. |
|
|
|

5. april 2006
John Kristian Hjelle
|
|
Stordal Barnekor, Stordalskvartetten og Tonika saman om påskebodskapen.
|
|
|
I underkant av 100 personar var til stades og fekk oppleve dette samarbeidet på tvers av generasjonane, der musikken og songen tok oss med på det som skjedde frå og med palmesøndag og til og med påskedag.
Det heile var bunde saman av aktørane i utkledning, der enkelte viktige hendingar også var dramatisert og framført av dei flinke medlemmane i barnekoret.
Etter sjølve framsyninga var det kveldsmat for alle frammøtte, tillaga og sett fram av diakoninemnda, før det var loddsal og trekking av gevinstar.
Det var også trekking av ei stor loddbok med svære premiar, mellom anna eit måleri laga og gitt av Jarle Tafjord.
I det heile var det ein kjekk og hyggeleg kveld vi var invitert på, også med eit bodskap til ettertanke når vi no snart skal gå inn i det som vert rekna som den viktigaste høgtida i den kristne trua. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|