Reiselivslaget klart for endring

Norddal reiselivslag sitt medlemskap i Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen var det som prega diskusjonen på årsmøtet deira på Petrines Gjestgiver sist torsdag.

5. april 2006
Alfred Nilsen

Val og debatt om aksjesal var dei heitaste temaene som blei tatt opp på åsmøtet til Norddal Reiselivslag.

4. mai skal Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen ha generalforsamling, og der vil det bli avgjort om det skal vere mogleg å vere direkte medlem i destinasjonsselskapet. I dag er det næringslag og dei to kommunane Stranda og Norddal som er eigarar. I Stranda har næringslaga i Hellesylt, Stranda og Geiranger delt aksjane og eig 17 aksjar kvar. Norddal Reiselivslag eig til saman 51 aksjar og er ein stor eigar. Men problemet er at laget har dårleg økonomi og skulle betalt 80.000 kroner meir enn dei gjorde i fjor. I budsjettet til DGT er det budsjettert med 180.000 kroner frå Norddal Reiselivslag.

Nytt styre
Eit forslag fremja av Signe Brenna om å leggje aksjane ut for sal til bedrifter og medlemmer, vart litt korrigert og stemt over og fekk 8 stemmer av dei i alt 15 stemmeberettiga som var til stades. «I prinsippet går Norddal Reiselivslag inn for direkte medlemskap i DGT. Det nye styret skal greie ut om sal av aksjane til medlemmer og bedrifter som var medlem i laget i 2005», lydde forslaget til sist. Det var mykje debatt, og diskusjonen gjekk på økonomi og om Norddal Reiselivslag i det heile tatt skulle bestå. Sel vi aksjane, kan vi kvitte oss med gjelda og bruke reiselivslaget til eit diskusjonsform, vart det sagt. Andre minte om at det følgte plikter med å eige aksjane.
Nytt styre vart vald og er satt saman slik: Åse Erstad, Vidar Hareide, Albert van der Maule, Unn Linge Valdal og Agnieszka Jemtegård. Det vart ikkje valt leiar, det skal styret greie på eiga hand.

Arbeidsprogram
Det er mykje eit reiselivslag kan arbeide med og det var sett opp eit arbeidsprogram. Her skal dei halde fram med ein vervekampanje, sjå på kassakreditt og gjeld, få i stand ein skikkeleg serviceavtale med DGT og sjå på avgiftene i DGT-området. Vidare skal ein utvikle samarbeidet med dei nye grendalaga, sjå på ein del servicetiltak saman med Norddal kommune, vurdere ny sommaravis og ta fatt i problematikken skilting. Kontakten over fjorden var også eit tema utan at nokon sa båt, men ferje snakka dei om.