Teatertalenta blomstrar i Tafjord

Det er mange som er interessert i deg dersom du har mykje pengar. Men lukkeleg blir du ikkje, i alle fall dersom du har fått pengane urettvist.

11. april 2006
Randi Flø

Det var mange artige skikkelsar med i teateret.

Det var moralen i teatersykket som vart framført på ungdomshuset i Tafjord sist laurdag. Dei mange frammøtte fekk seg ein fornøyeleg ettermiddag då Tafjord ungdomslag hadde invitert til teaterframsyning under tittelen «Gir pengar lykke?». Svaret er i alle fall ikkje av andre sine pengar. Det er folk i ungdomslaget som både har skrive manuset, instruert og laga kostymar.

Lotto
Vi fekk vere vitne til historia om då ungkaren i 40-åra, Reidar, vann i Lotto. Det han ønskte seg mest var ei kjerring som kunne rydde og vaske i ungkarshiet, der eit par levande hyblekaniner også var med.
Kameraten Ole var på besøk, og etter at han hadde gått, var det lottotrekning på fjernsynet og lykka ville det slik at Reidar fann ein uregistrert kupong i sofaen.
På den vann han sjølvsagt 13 millionar kroner, heile tida gnaga samvitet fordi han visste eigentleg at det ikkje var hans pengar. Men han fullførte løpet og fekk henta pengane på Hamar og la dei i ein safe.
Så var det til med å søkje etter hushjelp. Mange artige skikkelsar kom på døra, men han fekk dei ut ein etter ein. Neste annonse gjekk meir bestemt på eit kjerringemne. Og endå fleire karakterar dukka opp på scena. Frå ei fisefin bergensdame til ei klarsynt dame, og Emma frå Rallkattlia. Alle svært godt spelte av dei dyktige skodespelarar.

Gode venner
Til slutt var det den gode gamle vennina Turid Laila som kom støttande til. Kameraten fekk tilbake pengane sine. Han hugsa nemlrg lottotala han hadde levert inn, med mellom anna fødselsdagen til tre tanter og vekta på fuglehunden hans Asgeir frami Heggen.
Det enda lukkeleg til slutt.
Slik var historia kort fortalt, men innimellom var det tett med artige poeng og lure påfunn med effektar. Også B-gjengen hadde fått nyss om all pengane i safen. Dei prøvde å bryte seg inn om natta, men då han eine tok av seg skorne vart det slik ein stank at alle måtte røme ut og Reidar våkna. Han melde frå til politiet, og då kom lovens lange arm i bokstaveleg forstand.
Alfred Wolsdal kunne kanskje lova nytt teater til neste år, no skal dei på kurs, kanskje blir det også vaksne med skodespelarar neste år. Uansett, vi gler oss allereie.