Klart for tredje året

Omenås musikkfestival gjer klart for tredje året på rad. I år kjem festivalen to veker før olsok, 14.-15. juli.

19. april 2006
Randi Flø

Arkivbilde frå musikkfestivalen i fjor, Tonje Tafjord med band.

Det er den lokale musikaren Stian Omenås som står bak Omenås musikkfestival.
– Festivalen satsar friskt vidare i håp om å glede dei kulturinteresserte i Norddal og tilreisande frå heile verda, seier Stian Omenås og legg til at kombinasjonen mellom musikk, vakker natur, sommar og jordbær har vore fortryllande for hans musikalske kollegaer. Pågangen frå nye, spelelystne er overveldande.

Utgangspunktet
Hovudideen med å setje i gang denne festivalen var i utgangspunktet å presentere eit arrangement med høgt og seriøst musikalsk fokus, som ein kontrast og eit etterlengta kveldstilbod til olsok, der fokuset er idrett.
– Denne tanken meiner eg framleis er god, men må likevel ta ei avgjerd på om tidspunktet for festivalen har vore det rette. Olsok set alle i Valldal i aktivitet, og tid og energi til kunstopplevingar på kvelden har kanskje ikkje vorte prioritert i den grad eg kunne ønskje meg, seier han.
Derfor har han valt å leggje festivalen to veker før olsok i år og håper dermed at publikumsoppslutninga vil halde fram å vekse.

Klubbhuset
I år som i fjor vil klubbhuset på Omenås vere arena for alle konsertane. Nytt av året blir også korte intime solokonsertar i garderobane, med spennande minimalistisk musikk i ein fantastisk klangleg musikk.
Etter ein liten økonomisk smell med Jan Eggum i fjor, vert det ingen storkonsert med ein større artist i år. Omenås seier festivalen dessverre ikkje har økonomi til å gi publikum så mange sjansar til å vise interesse for slike typer arrangement, men håper og trur at dei som fekk det med seg hadde ei uforgløymelege konsertoppleving.

Hovudprinsipp
Stian Omenås seier at dei fire hovudsprinsippa for programmet på festivalen også vil vere gjeldande i år. Det er å fronte og inkludere lokale artistar frå det aktive musikkmiljøet i Norddal, bestilling og framføring av nytt verk av årets festivalkomponist, barnekonsert for dei yngste og å presentere eit variert og allsidig program med høg musikalsk kvalitet frå fleire sjangrar, som jazz, klassisk, improvisasjonsmusikk, pop, elektronika og rock.
Årets festivalkunstnarar er henta frå famlien og blir dei unge jentene Eileen og Lisabeth Omenås. Dei skal presentere bildekunst som bli hengande på klubbhuset under festivalen.

Hornmusikken og Håkon
Med på programmet i år vert ei gruppe blåsarar frå Valldal Hornmusikklag. Dei skal spele nyskriven musikk av Stian Omenås, som også blir dirigent og solist. I tillegg skal trommeslagar Erik Nylander sy det heile saman bak trommesettet. Musikken vil variere frå vakre firstemte koralar til meir moderne klangbasert tonespråk.
Sett med lokale auge blir det eit spennande innslag når Håkon Myklebust Band stiller opp. Håkon har gjennom mange år lagt ned ein stor innstas for det lokale musiklivet, både i korpsa, Zephyr, storband og som lydmann. Stian seier at med nytt band skal det bli interessant å sjå ein personleg Håkon på scena. Utan at han veit dette sikkert, tippar han at uttrykket vil hamne ein stad mellom blues og rock.

Fleire konsertar
Elles byr programmet på fleire konsertar. Perkusjonisten Ingar Zach skal demonstrere magien rundt trommenes ukjende verd med ei rekkje ulike trommer og cymbalar.
Det blir klassisk time med Anne Randi H. Nilsen, Nina Sætherhaug og Knut Erik Jensen. Hat trick og Jam med tre karar frå jazzmiljøet i Trondheim. Barnekonserten er det Stian Omenås på trompet og Martin Taxt på tuba som står for.
Årets besttilingsverk vert laga av Håvard R. Volden, det er under produksjon no, og han skal framføre det saman med Stian Omenås, Inga Byrkjeland, Martin Taxt og Erik Nylander.
Miles Davis Tribute har etter kvart vorte kjent etter tre norgesturnear. Dei skal spele ekte jazz med det beste frå repertoaret til Miles Davis.
Vidare får vi høyre Kobert med vokal, orgel og trommer og duoen Stubø/Dj Tomasso. «Musikk frå dusjen» er fire minikonsertar på 15 minutt kvar som vil verte presenterte i gardrobane mellom innslaga oppe i salen. Dette er nytt av året og vil bli eit spennande konsept.