Arbeider vidare med prestegarden

Arbeidsgruppa som til no har jobba med planar for Paktarstova på prestegarden i Norddal skal halde fram som interimsstyre til det er funne ei eigna driftsform.

19. april 2006
Randi Flø

Prestegarden i Norddal på Engeset.

Det var kommunestyret i Norddal samde om då dei behandla saka i siste møte.
Det var også semje om å arbeide vidare for å kunne ta i bruk heile prestegarden med påståande bygningar.
Ei arbeidsgruppe har laga eit skisseprosjekt for vegen vidare. Dei har mellom anna kome fram til at plassen kan verte eit flott informasjonsknutepunkt i forhold til verdsarven. Paktarstova og tunet peikar seg ut som eit naturleg knutepunkt for mange element.
Det har også kome fram ønskje om at kommunen skal få hand om heile tunet, inkludert hovudbygningen. Då vil ein ha meir areal til dei ulike elementa og kune nytte tunet på ein annan måte. Skal dette lukkast, må kommunen få til ein langsiktig leigeavtale eller kjøpe hovudbygningen.

OF
Det har ikkje vore teke kontakt med Opplysningsvesenets Fond (OF), som eig garden. OF ønskjer å dele opp garden og selje han til marknadspris. Då søknaden om slik oppdeling kom, sette politikarane i kommunen ned foten og la ned byggje- og deleforbod. Kommunen ønskjer at eigedommen framleis skal vere ein landbrukseigedom.
Merete Løvoll Rønneberg (Sp) sa at ho meiner eigedommen bør omregulerast til landbruk, ikkje til service slik den er i dag. Ho ønskjer å halde på prestegarden og utnytte han til det beste for bygda og for Norddal kommune, ho ville vente med å regulere.
Petter Melchior (Sp) meinte det er vilje til å prøve å få hand om eigedommen og få til noko meir enn i dag. Før eller seinare blir det snakk om kroner og øre. Han hadde sine tvil om at nokon vil kome dit og drive landbruk. Han sa at kommunen må seie frå at den er interessert i å kjøpe det og konkurrere om det dersom ein synest det er viktig
Per Arne Løvoll (KrF) syntest ikkje dette var noko god sak, at dersom ein berre skulle halde på prestegardstunet ville ein bryte med haldningane om å oppretthalde det som eige bruk. Han sa at informasjonsopplegget kan vere ein del av bruket, private kan godt drifte informasjonen. Han minte om at prestegarden er ein av dei største gardane i Norddal kommune, som ein ikkje berre kan slakte ved å dele frå bygningane.