Ein fast vårtradisjon

Ein fast vårtradisjon i Stordal er basaren til Helselaget.

26. april 2006
John Kristian Hjelle

Glade vinnarar på helselagsbasaren. Frå venstre Magnus Nygård Øvrebust, Espen Skrede Vad, Jørgen Vinje Tøsse og Ole Øyvind Hjelle. Dei to siste gleda seg spesielt til marsipankaka skulle rettferdig fordelast og fortærast.

Dei aller fleste i Stordal, både private og næringsliv, bidreg til denne basaren på ein eller annan måte, og inntektene kjem godt med. Stordal helselag stod i fjor bak gåver til mange ulike gode føremål.
Basaren vart opna av nyvald leiar, Elisabeth Nyli, før åresalet vart sett i gang.
Så gjekk det slag i slag med åresal, kaffipause med underhaldning av Stordal Hornmusikklag, som stiller på kvart år, og endå meir åresal før det heile vart avrunda med trekking av loddbøkene som det hadde vore salg på ei stund rundt i bygda.
Og det var ikkje mange som gjekk tomhendte heim denne vårkvelden, underteikna måtte til dømes balansere fire marsipankaker ut gjennom dørene.