Planlegg hyttefelt for 45 hytter

Eit samla planutval gjekk inn for at Petter Lingaas sine planar om 45 hytte- tomter på om lag 40 dekar mark i Lingåsen kan leggast ut til offentleg ettersyn.

3. mai 2006
Randi Flø

Planutvalet var på synfaring i Lingåsen.

Planutvalet var i førekant av møtet på synfaring for å gjere seg betre kjende i terrenget. Vegtilnyting til hyttefeltet skal skje ved den nye Åsevegen som no er under bygging. I planen er Åsevegen lagt inn slik han no vert bygd, mellomliggande areal vert privat veg. I dette området er det også aktuelt å ta ut meir masse enn nødvendig for denne vegen, for å dekke opp massebalansen på Åsevegen.
Ein av grunnane til at saksbehandlinga har teke lang tid er vurdering av rasfare i området. Det er registrert snøskred med løsneområde frå ein fjellkant nord for Klovset. Til vanleg stoppar dette opp på ei lita flate nedanfor fjellsida med løsneområde. To gongar er det kjent at skredet har gått vidare, og det har også nådd sjøen, men det er uklart kvar fonnafaret har vore. Det skal gå slik kvart førtiande år og ligg då innanfor risikoen for 1000-årsskredet. Det er mulig å lage sikringstiltak med fangvoll eller leievoll i området der skredet til vanleg stoppar, og dette er teke inn i reguleringsføresegnene.
Det var ingen store innvendingar mot planframlegget. Det var kome inn ein merknad på at stien, eller tilkomsten mellom Linge og Lingås, må haldast ved lag. Det var også Signe Brenna oppteken av i møtet. Ho kom med framlegg om ta ut den tomta som vil stenge setervegen mellom Linge og Lingåsen. Dessutan meinte ho det bør stå eit punkt om gjerding.
Til det påpeika Svein Linge at gjerding elles er eit forhold mellom grunneigar og hytteeeigar. Han sa også at det går an å justere den gamle setervegen forbi hytta som blir liggande der, slik Sigurd Linge har gjort det lenger ned.
Brenna fekk ikkje fleirtal for sitt framlegg til vedtak.