| Lise Lotte Larsson og Gro Marita Valdal er godt i gang med å planlegge barnefestivalen. Lise Lotte seier dei har møtt mange positive menneske som har sagt seg villige til å vere med å satse på dette tiltaket. Dei har tenkt å satse breitt på marknadsføring i heile fylket gjennom ei festivalavis.
Samarbeidpartnarar
Bergen barnefestival har vore ein mal for dette arrangementet og gjennnom selskapet KTV underhaldning skal dei leige mykje av det utsyret som skal brukast. Det blir aktivitetar av alle slag og her vil borna få bevege seg. Hoppeslott i alle variantar og mykje meir. Festivalen skal vere ein sukkerfri festival til beste for borna. Av underhaldning kan nemast Kaptein Rødskjegg, Eli Rygg, Gnottene, Ove Rocktroll og klovnen Bobo. I Stordal har dei fått lånt scene som mykje av underhaldninga skal foregå i frå.
Mange har vore positive og vi håper framleis at mange vil bidra til dette store arrangementet, seier Lise Lotte Larsson. Frå Tønsberg kjem det hestar og proffe hestefolk med både ponniar og sirkushestar.
Lokal vri
Dei håper også at lokale talent kan kome med bidrag slik at ein kan få eit endå meir variert program. Kulturansvarlege i kommunane vil bli kontakta for her må ein buke alle dei ressursane som finst.
Det vil bli som ein fornøylesespark i miniatyr seier Lise Lotte Larsson og håper dette kan bli eit fast arrangement, - men det gjenstår å sjå korleis dette her gjeng, så vi får vente å sjå, legg ho til.
|
|
|