Grindbygget er berre eitt av fleire informasjonstavler og skilt som no skal reisast. Bakgrunnen for dette er at sogelaget dei siste åra har dokumentert ei mengd med historisk stoff, til dømes om stølane i Stordal, Langsætrane, Fokhaugtuftene, Trollkyrkjegarden og mykje anna. Dei har saman med Stordal Bondelag og andre fått rydda stegar og gamle vegar fram til desse kulturminna i Stordal kommune. Og no er altså tida komen for å synleggjere kvar og korleis ein kan finne desse.
Det er viktig at grindbygget vert historisk korrekt, fortel leiar i Stordal sogelag, Einar J. Hove.
Stokkane skal skjerast saman, og dette må gjerast svært nøyaktig.
Harald Jøsvoll tok ut tømmer frå skogen ovanfor Jøsvoll på fredag, og laurdag var det dugnad for å avborke tømmeret. Det er valt å bruke gran til stavar, betar, rafthald og sperrer, fordi det var vanskeleg å finne gode nok emne i bjørk.
Storfjordnytt vil følje bygginga av dette grindbygget, heilt til det etter planen skal stå ferdig på Overøye til fellesferien.
For å få til dette er vi avhengige av at folk stiller på til dugnad, men det brukar ikkje å vere noko problem i Stordal, sier Einar J. Hove.
Sjølve bygget vert eit såkalla to grinds bygg, og storleiken, ut frå avstandane frå ytterkant stavar, som stend i hjørna, vert på 2,5 x 3,24 meter. Allereie denne veka vil dei prøve å kome i gang med tilpassing og skjering av delane til grindbygget. |
|
|