I dette høvet representerer dei elveeigarane på Myklebust i Valldal, som har gått saman om å gjere elva meir attraktivt, både for laksefiskarar og for andre.
Elva på denne strekninga vart øydelagd av flauem i 1953 og ikkje vore så god å fiske i sidan den gongen. Her har vore berre ein høl og resten småstryk.
For å få lov til å gjere noko i eit vassdrag er det nødvendig med godkjenning frå NVE. På Myklebust tok dei kontakt med den pensjonerte vassdragsingeniøren Karl Mettenes i Førde. Han tok på seg oppgåva å lage planar for korleis dei kunne gjere elva betre. Planane vart godkjende og dte var berre å setje i gang.
Kvileplassar
Dei leigde Gjerde Maskin, og det meste vart gjort på ein dag. På ein plass var det ein høl, som berre vart litt forbtra. På fire andre plassar laga dei ny hølar ved å leggje store steinar ut i elva. Dei seier det er viktig med kantete steinar slik at dei ligg roleg i elva, sjølv om det er stor vassføring.
Dei stor steinane ligg på rad utover i elva frå breidden, om lag 60 grader motstraums, og dannar kvileplassar for fisken bak steinane, her kan dei stå roleg. Dermed blir det sjølvsagt også lettare å fiske her.
Vi har sjølvsagt gjort dette for at elva skal bli meir attraktiv og for å kunne leige ho ut til fiskarar, seier dei to.
Langs elva har dei rydda bort kratt og skog slik at det er fint å gå der, ikkje berre for fiskarar, men også andre som berre vil ha seg ein spasertur langs elva. Kvar vår brukar dei å ha seg ei runde for å ta bort kratt.
Det blir spennande å sjå korleis hølane står etter flaumen, vi er i alle fall godt fornøgde, seier dei.
Slikt arbeid har ikkje vore gjort i elva her før, det er vanskeleg å få gjere noko i eit vassdrag.
I mange år har dei snakka om å gjere dette, og i år vart det. Dei ser på elva som ein viktig miljøfaktor. Tiltaket har dei kosta sjølve.
|
|
|