Allsidig frå Kyrkjehola kulturbeite

På ein pressekonferanse i går offentleggjorde styret dei åtte innslaga som utgjer årets kulturelle tilbod frå Kyrkjehola Kulturbeite.

24. mai 2006
Randi Flø

Styret ser fram til ein spanande og fargerik sesong for Kyrkjehola Kulturbeite. Her representert ved: Odd Johan Overøye, Kristian almås, Eva Hove, Leif Dybdal og Bjørnar Midtbust.

Og det er også i år eit allsidig program, med profilerte artistar og fagfolk innan sine repektive område. I følgje Bjørnar Midtbust meir frodig og fargerikt enn nokon gong. Stolte og nøgde kunne styret fortelje at mellom andre Jon Eikemo kjem med si forestilling ”.., trur eg...” med tekstar frå Jakob Sande, og at SKRUK kjem med musikk frå korets store a cappella-repertoar med tonar frå fleire verdsdelar, og mellom anna eit tingingsverk der Odd Johan Overøye har sett melodi til 100-årsjubilanten Jakob Sande sin tekst ”Åndeleg sjømannssong”.
Sju av årets åtte innslag vil gå føre seg i Rosekyrkja, som har plass til opp til 250 menneske, medan eitt av innslaga er ”Keramikk og Skulptur” der Leon Roald stiller ut i Løsetstova og Prestestova i perioden frå 10. juli til rundt 10. august.
Kyrkjehola Kulturbeite gjeng no inn i sin sjuande sesong, og i år har dei fått trygga drifta ytterlegare ved at fylket har gitt støtte i form av 5 000 kroner. Dette kjem i tillegg til støtte frå Stordal kommune, Norsk Kulturråd og private sponsorar. Ein del av publikum er gjengangarar som kjem att år etter år, og det verkar som om denne gruppa utvidar seg etterkvart. Desse kjem frå heile distriktet, ikkje berre frå Stordal og omegn. Styret ser gjerne at endå fleire stordalingar finn vegen til dette, for ein liten kommune som Stordal, unike kulturtilbodet.
Det er også under utarbeiding ei nettside, men denne er ikkje heilt klar enno. Årets program vil derfor foreløpig verte lagt ut på nett under www.stordalsportalen.no i pdf-format, slik at ein kan gå inn der og laste det ned. Der vil ein finne meir dekkande informasjon om dei ulike programinnslaga.
Mange av programinnslaga er kome som resultat av Odd Johan Overøye sitt store kontaktnett, men han understrekar at det å jobbe på plass alle innslaga etter at den første kontakten er oppretta, er eit bygdeprosjekt.