Pendlarar får pass

Frå 1. juli til 15. august skal dei som pendlar på arbeid over fjorden mellom Eidsdal og Linge få lov til å sleppe å stå i køar, som kan bli til dels lange.

24. mai 2006
Randi Flø

Til sommaren må matros Alv Ivar Eliassen vinke om bord bilar med pendlarpass som mest sannsynleg skal stå på bussfila.

Ordførar Arne Sandnes fortel at kommunen har fått brev frå Samferdsledepartementet med kopi til Vegdirektoratet, som blir bede om å utarbeide eit regeleverk for ordninga. Det skal tilpassast dei forholda som gjeld med erfaringar henta frå ei tilsvarandre ordning på ei strekning i Nordland som har hatt forsøk med dette i to år.

Tre år
Sandnes fortel at dei bad om å få til ei prøveordning i tre år. Det blir det, og ordninga vil kvart år gjelde i seks veker frå 1. juli til 15. august.
– Vi har i all hovudsak fått gjennomslag for det vi presenterte i vårt ønskjemål, seier Sandnes og legg til at dei også tilbydde at kommunen kan administrere ordninga, men Samferdsledepartementet ønskjer at staten styrer med det.
Det er om lag 40 personar som pendlar over fjorden på arbeid, det er framlegg om at dei skal kunne stille seg opp i bussfila. Sandnes reknar med at vil vere fire-fem bilar med pendlarpass på kvar avgang i tida mellom klokka eitt og fem etter middag, då ordninga skal gjelde. Pendlarane vil ha eit oblat eller eit merke i bilen, og må vise legimtimasjon ved kontroll. Sandnes trur ikkje det blir store problem å gjennomføre ordninga i praksis. Erfaringane frå Nordland er gode og viser at det ikkje er så vanskeleg.

Større ferje
Sandnes seier at ei slik ordning er grei nok, men det trengs ei varig ordning med større ferje. Statistikken viser at det i fjor stod att fire av ti bilar i juli månad på denne strekninga, noko som er over 41 prosent. Over 18.000 personbileiningar fekk ikkje plass på første ferje på denne strekninga i juli, det er absolutt mest her i fylket.
Dette er eit heilt spesielt samband som krev to store ferjer i høgsesongen.
Sandnes gir ros til samferdsleminister Liv Signe Navarsete for den positive haldninga ho har vist